Hopp til innhald
Øving

Sprache im Fokus: Preteritum

Preteritum er ei verbform som uttrykker fortid. Øv på preteritum. Ordforrådet i øvingane er henta frå emnet "Bekannte Personen aus Deutschland".

Kort om preteritum i tysk

I tysk bruker vi preteritum særleg i skrift, medan presens perfektum er mest vanleg i munnleg tysk.

Tabellen nedanfor manglar rader for 2. person eintal (du) og 2. person fleirtal (de/ihr). Desse preteritumsformene har vi sjeldan bruk for. Du- og de-forma treng vi særleg vi når vi snakkar til andre, og i munnlege situasjonar føretrekker tyskarane presens perfektum.

hören

spielen

schreiben

finden

ich

hörte

spielte

schrieb

fand

er, sie, es

hörte

spielte

schrieb

fand

wir

hörten

spielten

schrieben

fanden

sie, Sie

hörten

spielten

schrieben

fanden

  • Hören og spielen er to døme på regelrette (svake) verb, medan schreiben og finden er to døme på uregelrette (sterke) verb.

  • Regelrette verb dannar preteritum ved å hekte ein t og ei personending på verbstammen: Hör-t-e, spiel-t-en osv.

  • Uregelrette verb får ikkje lagt til -t: Ich schrieb. Ich fand.

  • Uregelrette verb skiftar stammevokal: ich finde – ich fand.

  • Uregelrette verb har inga personending i første og tredje person eintal preteritum: ich schrieb, er fand, ich half, sie gab.

  • Elles har også uregelrette verb personending: wir schrieben, sie fanden osv.

Øving 1: Samanlikn norsk og tysk

Lag preteritumsform av verba høyre, spele, skrive og finne på norsk. Beskriv likskapane mellom norsk og tysk.

Forslag til svar
  • høyrde, spelte/spela, skreiv, fann
  • Høyre og spele er regelrette/svake verb også i norsk
  • Skrive og finne er uregelrette/sterke verb også i norsk.
  • Uregelrette verb har vokalskifte også i norsk.
  • Uregelrette verb i norsk har inga personending i preteritum.
  • Uregelrette verb i tysk har inga personending i første og tredje person eintal, men elles har dei personending (bøying).

Øving 2: Regelrette verb

Uregelrette verb

  • Før du går vidare, kan det vere lurt å sjå gjennom lista over uregelrette verb som er brukte i øvingane 3–6.
  • Dei fleste av desse verba er høgfrekvente. Det betyr at dei er veldig vanlege og at du har bruk for dei ofte.
  • Nokre uregelrette verb har vokalskifte også i presens. Ved desse verba er 3. person eintal presens oppgitt i parentes
Oversikt over preteritumsformer av sterke verb
beginnen – begann
begynne
bekommen – bekam
få, motta
finden – fand
finne
geben (– gibt) – gab
gi
gewinnen – gewann
vinne
heißen – hieß
heite
helfen (– hilft) – half
hjelpe
kommen – kam
komme
laufen (– läuft) – lief
løpe; om filmar: gå på tv eller kino
schreiben – schrieb
skrive
sein (– ist) – war
vere
singen – sang
synge
sprechen (– spricht) – sprach
snakke
sterben (– stirbt) – starb
døy
verschlingen – verschlang
sluke
werden (– wird) – wurde
bli til noko
ziehen – zog
dra, trekke; flytte

Øving 3: Uregelrette verb

Øving 4: Frå presens til preteritum

Hjelpeverb

Preteritumsformene av tidshjelpeverb og modale hjelpeverb bruker ein mykje, både munnleg og skriftleg.

haben

sein

werden

müssen

können

wollen

ich

hatte

war

wurde

konnte

musste

wollte

er, sie, es

hatte

war

wurde

konnte

musste

wollte

wir

hatten

waren

wurden

konnten

mussten

wollten

sie, Sie

hatten

waren

wurden

konnten

mussten

wollten

Øving 5: Preteritum av hjelpeverb

Vel rett verbform. Tips: Les eksempelsetningane høgt! Då få du både noko repetisjon og munnleg trening i tillegg til grammatikktrening.

Øving 6: Preteritum – alle typar verb