Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag sjokoladekuler

De skal lage sjokoladekuler, men de får berre bruke ei kjøkkenvekt for å måle opp ingrediensane, og i oppskrifta blir det brukt mange ulike måleiningar!
Sjokoladekuler med kokos stabla på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag sjokoladekuler

Følg oppskrifta under og lag sjokoladekuler. Når de skal måle opp kor mykje de treng av kvar ingrediens, har de berre lov til å bruke ei kjøkkenvekt.

Oppskrift på sjokoladekuler

Ingrediensar

  • ½ kopp smør

  • ¼ oz kakao

  • 4 ms sukker

  • 3 dl havregryn

  • 15 ml vatn

  • kokos til pynt

Tenk igjennom ...

Veg 1 liter vatn det same som 1 liter smør?

Slik gjer de

  1. Finn ut kva dei ulike måleiningane betyr, og rekn om mengdene i oppskrifta til masse i gram.

  2. Veg opp rett mengde av kvar ingrediens.

  3. Bland alle ingrediensane, unnateke kokos, godt.

  4. Rull massen til kuler og rull dei i kokos.

  5. La kulene stå på ein kald stad mens de jobbar med oppgåvene nedanfor.

Oppgåver

  1. Rekn ut

    • næringsinnhald per kule

    • næringsinnhald per 100 gram

  2. Foreslå andre ingrediensar de kunne valt for å gjere sjokoladekulene sunnare. Grunngi kvifor dette gjer kulene sunnare.

  3. Tenk dykk at de skal pakke alle kulene de har laga, i éi eske.

    • Kor stort må volumet av eska vere? Kor mykje emballasje treng de?

    • Finn ut kva krav som blir stilte til emballasje som skal innehalde matvarer. Kva må de tenke på når de skal lage emballasje til sjokoladekulene? Sjå artikkel om emballasje og mat.

    • Lag eit tiltalande design på emballasjen. Få fram om sjokoladekulene dykkar er sunne/økologiske/Fairtrade eller anna som gjer dei "spesielle". Sjå artikkel om emballasje og produktmerking.

    • Lag ein etikett med næringsinnhald. Hugs merking av eventuelle allergen. Sjå Mattilsynets side om merking av allergen.

Rapport

Lag ein rapport over det de har gjort.

Dette må vere med i rapporten:

  • utrekningar (vekt og næringsinnhald, emballasje)

  • utstyrsliste

  • framgangsmåte

  • bilete/figur

  • endringsforslag som gjer sjokoladekulene sunnare

Relatert innhald

Emballasje er det eit produkt er pakka inn i. Føremålet med emballasje på mat kan vere å forlengje haldbarheita, gi informasjon og reklamere.

Tips til læraren

Rapporten kan brukast som tverrfagleg vurdering i naturfag og matematikk.

CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2022

Læringsressursar

Næringsstoff