Hopp til innhald

Fagstoff

Vatn

Utan vatn kan vi ikkje ta opp næringsstoffa frå maten. I tillegg inngår vatn i svært mange av funksjonane til kroppen, som transport, fordøying og temperaturregulering.

Oppbygging

Vassmolekylet er bygd opp av to hydrogenatom og eitt oksygenatom. Utåt har vassmolekylet ladningar som verkar på andre molekyl i nærleiken. Vi seier at vassmolekylet er polart.

Molekylmodellar av vassmolekyl der den negativt ladde delen av vassmolekyla er knytt til den positivt ladde delen i andre vassmolekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løysemiddel

Vanleg bordsalt (NaCl) består av positive natriumion og negative kloridion. Når salt blir blanda i vatn, vil vassmolekyla kunne trekke desse iona frå kvarandre og omringe dei. Vi seier at saltet har blitt løyst i vatn.

Eit polart stoff som vatn kan løyse opp andre polare stoff: Likt løyser likt. Vatn er derfor eit godt løysemiddel for andre polare stoff.

Molekylmodellar som viser korleis salt blir løyst opp av vatn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vatn i kroppen

Utan vatn kan vi ikkje ta opp næringsstoffa frå maten, og vatn inngår i svært mange av funksjonane til kroppen, til dømes transport, fordøying og temperaturregulering.

 Skjematisk figur av ein menneskekropp som viser vassinnhaldet i utvalde kroppsdelar: hjernen 80 %, tennene, 8 %, lungene 75 %, hjartet 75 %, levra 80 %, skjelettet 20 %, blodet 59 %, nyrene 80 %, huda 70 %, musklane 70 %. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transport

Fordi vatn har evna til å løyse opp andre stoff, er det godt eigna til å transportere vassløyselege stoff som vitamin, protein, karbohydrat og () rundt om i kroppen. Vassløyselege avfallsstoff kan fjernast gjennom urin, som er vasshaldig.

Blodplasma er eit døme på ei vassløysning. I tillegg til vatn består blodplasma mellom anna av oppløyste protein, hormon og salt.

Skjematisk figur av førekomst av væske i og utanfor celler – i cellene, blodplasma og mellom cellene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vatn er eit kjølemiddel

Når kroppen blir varm, kan han bruke vatn som kjølemiddel. Når vi sveittar, piplar vatn ut gjennom porer i huda. Det trengst varme for å få sveitten til å fordampe. På denne måten får kroppen frigitt varme og opprettheld ein normal kroppstemperatur.

Væskebalanse

Kroppen mistar stadig vatn via urin og avføring, sveitte og pust. Vi må difor passe på å få i oss nok vatn. Anbefalt mengd vatn er 2–2,5 liter per dag, men væskebehovet varier med fysisk aktivitet, klima, kroppsstorleik og helsetilstand. Ved store væsketap, som ved diaré, oppkast og sterk sveitte, aukar væskebehovet.

Ødem – "vatn i kroppen"

Ødem er opphoping av væske i kroppsvev og er vanlegast i hender og føter. Ødem blir òg kalla "vatn i kroppen". Ødem kan oppstå når det kjem meir vatn enn vanleg frå blodet og over i vevet, og kan valdast av ei rekkje ulike sjukdommar.

Om ein pressar ein finger ned i huda i eit par sekund og det kjem ei grop i huda, kan det vere eit teikn på ein har eit ødem.

Kjelder

Norsk Helseinformatikk. (2019, 11. desember). Vann og væskebehov. https://nhi.no/kosthold/ernaring/vann-og-vaskebehov

OpenStax. (2018, 28. mars). Water. https://openstax.org/books/biology-2e/pages/2-2-water

OpenStax. (2013, 25. april). Body Fluids and Fluid Compartments. https://openstax.org/books/anatomy-and-physiology/pages/26-1-body-fluids-and-fluid-compartments

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Asle Holthe og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2023

Læringsressursar

Næringsstoff