Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om næringsstoff

Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om næringsstoff som får kroppen til å fungere. Oppgåvene eignar seg godt til repetisjon og gir deg ein fin sjanse til å teste kva du har lært, og finne ut kva du kanskje bør øve litt meir på.

Oppgåve 1. Sorter næringsstoffa

Alternativ til oppgåve 1

Lag eit tankekart med næringsstoff som sentralt omgrep, og prøv å kople på så mange som mogleg av desse omgrepa:

  • polysakkarid

  • karbohydrat

  • gir energi

  • mineral

  • monosakkarid

  • mettet feitt

  • umettet feitt

  • gir ikkje energi

  • disakkarid

  • vitamin

  • vatn

Oppgåve 2. Kan du karbohydrata?

Oppgåve 3. Har du kontroll på proteina?

Kjede med kuler med bokstavkombinasjonar går gradvis over til å bli ein spiral som i sin tur blir til flak. Spiralane og flaka buktar seg inn i kvarandre. Fire ulike samlingar av spiralar og flak ligg inntil kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå på biletet, og lag ei forklaring til det. Forklaringa må innehalde følgande:

  • byggesteinane til proteina
  • dei ulike proteinstrukturane
  • kva som bestemmer eigenskapane og funksjonen til proteina
  • minst to døme på ulike protein

Oppgåve 4. Fullfør teksten om feitt

Oppgåve 5. Påvisingsreaksjonar

Kva næringsstoff innheld matvarene mykje av, og kva kan du bruke for å påvise dei?

Oppgåve 6. Fleirvalsoppgåver om vitamin og mineral

Oppgåve 7. Har du kontroll på vatn som næringsstoff?

Oppgåve 8. Øvingsoppgåver

  1. Kva er hovudoppgåvene til dei ulike næringsstoffa?
  2. Kvifor bør vi ete mat som inneheld cellulose, når kroppen ikkje kan bryte det ned?
  3. Kva betyr det at nokre aminosyrer og feittsyrer er essensielle?
  4. Kva skjer med næringsstoff som vi et, og som kroppen ikkje har behov for?
  5. Kva bestemmer kva eigenskapar proteina får?
  6. Lag ei oversikt over dei ulike vitamina. Fyll ut funksjonen deira i kroppen og kva som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
  7. Kva er forskjellen på vassløyselege og feittløyselege vitamin?
  8. Kva er forskjellen på vitamin og mineral?
  9. Kvifor blir vatn rekna som eit næringsstoff?
  10. Kva er fordøying?

Oppgåve 9. Kva kan du om fordøyinga?

Alternativ til oppgåve 9

Tenk deg at du et ei brødskive. Lag ei oversikt som viser dei ulike organa som er involverte når du fordøyer brødskiva i den rekkefølga dei deltek.

Er det nokon organ det er vanskeleg å plassere inn i den riktige rekkefølga? Forklar.

Oppgåve 10. Frå produksjon til bruk av energi

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 24.03.2024

Læringsressursar

Næringsstoff