Hopp til innhald

Fagstoff

Tre som materiale

Tre er eit populært materiale som kan brukast til mykje. Materialet har stor styrke og stivleik, det held godt på varmen, og det er lett å foredle. Fordi tre er eit "levande" materiale, kan det forandre form og bevege seg når det tørkar eller blir utsett for vêr og vind.
Hus laga av massivtre. Foto.

Oppbygginga av trestammen

Trestammen har ulike delar eller soner. Dei har ulike funksjonar:

Bork
er døde celler som vernar trestammen mot uttørking og skadar.
Bast
inneheld levande celler som leier næringsstoff frå blada til andre delar av treet. Bast blir òg kalla silvev.
Kambium
består av celler som deler seg. Det er her treet veks og "legg på seg".
Ved
er døde celler som leier vatn frå rota til alle delar av treet.
Yteveden
transporterer vatn og næringsstoff oppover i treet.
Kjerneveden
blir òg kalla merg. Dette er døde celler som bidreg til å halde treet oppe.
Vårved
er dei lyse og store cellene som blir danna om våren.
Sommarved
er dei små og mørke cellene som blir danna om sommaren.
Tverrsnitt av trestamme som viser dei ulike laga. Innanfor borken ligg basten. Vår- og sommarved dannar høvesvis lyse og mørke felt som vi kallar årringar. Den inste delen av stammen er kjerneved, mens den ytste delen er yteved. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mellom borken og veden?

Du har sikkert opplevd situasjonar der du har to val og må velje eitt av dei, sjølv om du kunne tenkt deg å velje begge. Kanskje du må ta eit val som gjer at nokon blir fornøgde, men andre blir skuffa? Då har du vore "mellom borken og veden". Når du ser kor liten plass det er mellom borken og veden i ein trestamme, er det heilt klart at ein er i ein skvis i slike situasjonar.

Trevirke – populært materiale som blir brukt til mykje

Nokre av eigenskapane til trevirke:

  • stor styrke og stivleik i forhold til vekta, samanlikna med andre materiale
  • låg varmeleidningsevne
  • låg elektrisk leidningsevne
  • lett å omarbeide og samanføye
  • lett tilgjengeleg

At tre har låg varmeleidningsevne, gjer at det held godt på varmen. Derfor er tre eit varmt materiale å ta på. Det er ein god eigenskap når vi skal vere i nærkontakt med produktet, anten det er ei bordplate eller eit tregolv.

Varmeleidningsevne til utvalde stoff og materiale

Stoff/materiale

Varmeleidningsevne, WmK

Luft

0,024

Glasull

0,036

Tre

0,1–0,2

Vatn

0,5

Jern

80

Kopar

400

Truslar mot trevirke

Sopp

Med tilgang på fukt vil sopp kunne bryte ned trevirket nokså raskt. Denne prosessen blir gjerne kalla ròte.

Kvit og oransje sopp breier seg utover trevirke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Insekt

Enkelte billearter borar seg inn i treverket og et det. Holromma som blir danna, kan òg brukast til å legge egg i. Førekomsten av billene er knytt til fukt i ved eller luft. Stokkmaur kan grave seg inn i treverk som er ròteskadd og lage reir i trevirket.

UV-stråling

Trevirke som blir utsett for sollys, vil over tid bli grått og sprøtt. Dette skuldast at energien i lyset bryt ned ligninet, det stoffet som held cellene i veden saman. Utan lignin vil veden bli laus og porøs.

Bruksområde

Når vi skal bestemme oss for kva tresort vi skal bruke til konstruksjon eller for å lage gjenstandar, kan det vere nyttig å vurdere eigenskapar som

  • kva fuktinnhald trevirket har
  • kor mykje det krympar når det tørkar
  • kor mykje det svell når det trekker til seg vatn
  • kva styrke trevirket har
  • kva tettleik trevirket har (densiteten)

Hardwood – ikkje nødvendigvis hardt!

Hardwood er eit ord som blir brukt om lauvtre i engelsktalande land. Nåletre blir kalla softwood, så denne inndelinga har ikkje eigentleg noko med hardleiken til trevirket å gjere. Fordi lauvtre gjerne veks saktare enn nåletre, og dermed får ein meir kompakt ved, passar inndelinga ganske ofte, men ikkje alltid.

Tettleik til nokre tresortar

Tresort

Tettleik i rå tilstand, kgm3

Eik

1000

Bjørk

925

Ask

900

Gran

800

Furu

800

Lind

680

Tre – fornybart og berekraftig?

Så lenge det er ein balanse mellom kor mykje trevirke vi tek ut frå skogen, og kor mykje som får vekse opp att, kan vi seie at tre er ein fornybar ressurs. Når treet veks, tek det opp CO2 frå lufta. Dermed vil CO2 bli bunde opp i trevirket, både i det levande treet og i produkt vi lagar. Når trea blir hogne, vil dei naturleg nok ikkje kunne ta opp meir CO2. Ny skog som blir planta, vil på sikt kompensere for dette, men det tek mange år før CO2-opptaket frå skogen er à jour igjen.

Store tømmerstokkar merkt med ein lapp der det står Sagtømmer, Mjøsen skog, og talet 7808. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Miljøsertifisering av tre

Det aller meste av skogbruket i Noreg er underlagt standardar for berekraftig skogbruk. I desse standardane blir det mellom anna stilte krav til å gjennomføre miljøregistrering, rydde bekkar for hogstavfall og reparere køyreskadar i terrenget.

PEFC (Programme for the Endorsement of Forest Certification schemes)

PEFC-logo utstilt framfor produkt av trevirke. Foto.

Dette er ei internasjonal merkeordning for tre- og papirprodukt som skal sikre berekraftig skogbruk. Det blir stilt ei rekke krav til korleis hogsten blir gjennomført for å kunne få bruke dette merket, mellom anna at ein skal

  • kartlegge økologisk viktige område (nøkkelbiotopar)
  • ta omsyn til spelplassar for storfugl og orrfugl
  • setje att nokre store tre, tre langs bekkar og nokre døde tre

I tillegg blir stilt ei rekke krav til korleis skogen skal skjøttast før han blir hoggen.

FSC – Forest Stewardship Council

Logo som viser ein hake som går over til å bli eit tre over bokstavane FSC. Illustrasjon.

FSC er ei merkeordning som omfattar alle ledd i verdikjeda: skog, produsentar og ferdige produkt. For å kunne bruke dette merket blir det mellom anna stilt krav om å ikkje bruke tømmer frå

  • ulovleg hogst
  • skogar med høg verneverdi
  • genmodifiserte tre
  • produsentar som ikkje rettar seg etter "tradisjonelle rettar og borgarrettar"

Oppgåve

Kjelder

Foreningen norske lauvtrebruk. (u.å.). Fysiske egenskaper. Henta 23. oktober 2023 frå http://www.lauvtrebruk.no/pages/25

Forest Stewardship Council. (u.å.). FSC Controlled wood. Henta 23. oktober 2023 frå https://no.fsc.org/no-nb/fsc-controlled-wood

Jacobsen, B. (2009, november). Fokus på tre (32) – Overflatebehandling av utvendig kledning. Treteknisk. http://www.trefokus.no/resources/filer/fokus-pa-tre/23-Overflatebehandling-av-utvendig-kledning.pdf

NIBIO. (2018). Bærekraftig skogbruk i Norge. https://www.skogbruk.nibio.no/

Norsk Hussopp Forsikring. (u.å.). Ekte hussopp. Henta 9. oktober 2023 frå https://hussoppen.no/skadevoldere/rate/ekte-hussopp/

PEFC. (2022). Norsk PEFC skogstandard. https://cdn.pefc.org/pefc.no/media/2023-04/191010dd-81a3-41ec-9aeb-76a67effda24/b877f9c0-47fa-5a50-b9ab-b82536994907.pdf

Riksantikvaren / Mycoteam AS. (2. juli 2020). Skadeinsekter i trevirke. Bygg og bevar. https://www.byggogbevar.no/pusse-opp/brann/artikler/skadeinsekter

Ryvarden, L. (2019, 11. mars). Råte. I Store norske leksikon. Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/r%C3%A5te

Skaug, E. (u.å.). Fokus på tre (40) – Trevirkets oppbygging og egenskaper. Treteknisk. Henta 8. september 2020 frå http://www.treteknisk.no/resources/filer/publikasjoner/fokus-pa-tre/fokus-nr-40.pdf

Store norske leksikon. (2018, 4. april). Årringer. https://snl.no/C\\3A\\5rringer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Knut Grønvold og Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2023

Læringsressursar

Stoff og materiale