Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstil

Tekstil er tøy og produkt som blir laga av fibrar. Fibrane kan kome frå naturen eller bli framstilte kunstig. Dei kan tvinnast saman til tråd eller garn. Ulike teknikkar, som for eksempel veving, strikking og hekling, dannar mjuke materiale som vi brukar til klede og utstyr.

Bomull

Bomull kjem frå dei fine, tynne frøhåra på bomullsplanten. Bomullen er mjuk og lett, men samtidig er han slitesterk i bruk og vask. Desse eigenskapane gjer at bomullsplagg framleis er svært populære.

Bomullsfiberen har gode spinneeigenskapar. Fibrane kan spinnast til både tynt og tjukt garn. Desse kan så strikkast eller vevast på forskjellige måtar og bli til tynt undertøy, lette sommarklede eller tjukke, flossete plagg.

Sjølve bomullsfiberen er bygd opp av plantestoffet cellulose. Under den glatte overflata er det mange lag med små kapillærkanalar imellom og innarst ein hol kjerne. Bomull kan ikkje ladast opp elektrostatisk. Den er derimot lett å tenne på, omtrent som papir.

Bomullsplante. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den gode fuktabsorberande evna til bomullen gjer kleda komfortable og hudvennlege. Fibrane kan innehalde inntil 20 prosent fukt utan å kjennast fuktige. Dei tek raskt opp sveitte og fukt og kan halde på 65 prosent av vekta si utan å dryppe. Fukta trengjer inn i sjølve fiberen og i holromma og blir transportert bort frå hud i kapillærgangane.

Moderne strikkemåtar er også avgjerande for å transportere fukt bort frå huda for at ho kan fordampe til lufta - kapillæreffekt. Ribbestrikka stoff og dobbeltsidig interlock medverkar til god fukttransport.

Garn i ulike farger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ull

Ull er hår frå sau (eller andre dyr) og består av protein. Fibrane har ei ujevn og ru overflate med små skjellceller som ligg som takstein.
Ullfibrane er bølgete og elastiske. Det vil seie at fibrane toler å bli bøygde og strekte, men dei vil tilbake til den bølgete forma dei hadde. Bølgeformene gir plass til luft i mellomromma. Lufta held på varmen, sjølv om ulla blir våt.
I tillegg til å vere luftige, transporterer ullplagg fukt bort frå huda. Desse eigenskapane gjer at ein råder folk til å bruke ullplagg til friluftsliv.

Lammeull og merinoull er mjuke, mens grovare ull kan føre til mekanisk hudirritasjon. Lanolin i ull er ei mogeleg årsak til allergisk reaksjon.

Ull er det einaste naturfibermaterialet som vi kan tove. Det vil seie at vi kan føye det saman, utan å veve eller maske saman tråder. For å tove ubehandla ull treng vi bare vatn, mens til behandla ull treng vi såpe. Ved hjelp av friksjon kan tova ull bli til filt og vadmel. Desse stoffa er varme, vannavstøtande og slitesterke. Ull som du ikkje ønskjer å tove, bør du vaske på låg temperatur.

Tverrsnitt av to tova sitjeunderlag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Syntetiske stoffer

Kunstige fibrar som polyester og elastan (lycra) har som regel ei hard overflate, men det er også mogeleg å lage blaute kunstfibrar. PVC blir ofte gjort blautare av ftalat, men ein mistenkjer desse hormonhermande stoffa for å vere allergiframkallande.

Det finst likevel trygge kunstfibrar, for eksempel mikrofibrar av polyuretan (veldig tynne trådar som blir strikka eller vovne til tekstilar). Vanlege kunstfibrar tek ikkje opp fukt. Mange syntetiske fibrar som polyester blir lett lada elektrostatisk.

Nærbilde av polyesterfiber. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Stoff og materiale