Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Tekstil og brannfare

Tenk deg at du jobbar i eit forbrukarprogram på TV. Undersøk kor brannfarlege ulike tekstilar er og presenter resultatet for sjåarane.
Ung mann sit ved ein symaskin med ung kvinne som leitar etter klede på eit klesstativ i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Du jobbar i redaksjonen i eit forbrukarprogram på TV og har fått i oppdrag av sjefen å lage ein reportasje som set søkelyset på tekstil og brannfare. Vel å undersøke tekstilar som blir brukte i programområdet ditt:

  • barneklede
  • gardiner og møblar

Du er ein seriøs journalist som gjorde det heilt ok i naturfag på vidaregåande, så du bestemmer deg for å ha ei vitskapleg tilnærming til oppgåva.

Nærbilete av polyesterfiber. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

Legg ein plan for korleis de kan undersøkje kor brannfarlege ulike tekstilar er.

TIPS! Bruk tekstilar som de likevel skal levere til materialgjenvinning. For å teste tekstilar som blir brukte i møblar kan de finne tilsvarande tekstilar brukte i klede.


  1. Finn ut kva slags materiale/stoff du har.
  2. Trekk ut fibrar frå dei stoffa du har. Bruk ei lupe for å undersøkje struktur og oppbygging av fibrane.
  3. Bruk mobiltelefon til å ta bilete gjennom .
  4. Undersøk alle stofftypane/materiala og lag ein hypotese:

    1. Kva for eit stoff trur du tek fyr raskast?
    2. Kva for eit stoff trur du brenn dårlegast?
  5. Klipp ut ein liten trekanta bit av tekstilen du skal teste.
  6. Hald tøybiten med ein liten pinsett inn i ein flamme slik at det tek skikkeleg fyr. Gjer dette i avtrekk. Hald det brennande tøystykket over eit brannsikkert fat mens du observerer.
  7. Legg merke til farge på røyk, lukt og korleis det brenn. Ta bilete for å dokumentere det du ser.
  8. Noter observasjonane i ein tabell.

Resultat og konklusjon

  1. Forsøk å finne ut kvifor somme tekstilar gir frå seg lukt og røyk når dei blir brende.
  2. Lag ein rapport eller TV-reportasje der du presenterer resultata de har fått.
  3. Gi ei anbefaling av kva stoff de vil tilrå til bruk i barneklede. Bruk resultata frå undersøkingane for å gi anbefalingane truverd.



CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale