Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Tørkeprosessen i treverk

I denne oppgåva skal de undersøkje tre variablar som alle vil seie noko om tørkeprosessen til ein trebit.
Dimensjonert treverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • ein utskoren bit av nyleg felt gran eller furu – dette kan vere ein plankebit på 25–30 cm, gjerne med litt bork på kanten
  • fuktmålar for treverk
  • vekt med presisjon på minst heile gram

Framgangsmåte

  1. Gjennomfør målingane med jamne mellomrom – minst to gonger i veka, men gjerne kvar dag.
  2. Pass på at trebiten har omtrent like omgivnader heile tida. Til dømes vil det vere ugunstig at han ligg i vindaugskarmen og blir påverka av om det er sol eller ikkje.

Tips

  • De kan bruke ein vanleg fuktmålar for tre og betong. Følarane på målaren trengjer nokre millimeter inn i treverket og måler prosentinnhaldet av vatn i overflata.
  • De kan forlengje følarane ved å slå to spikrar inn i treverket og på den måten måle fukta til dømes 5 centimeter inne i plankebiten.
  • Viss de har noko bork att på trestykket, kan det vere ein idé å måle her òg. Då vil de kunne sjå om borken bidreg til å halde på fukta.
  • Bruk gjerne andre tresortar som de har tilgang til.
  • Grupper i klassen kan undersøkje trebitar av ulike storleikar.

Resultat

  • Lag eit oppsett ved hjelp av eit rekneark som viser målingane av
    • vekta av trebiten
    • fukta i overflata
    • fukta midt inne i trebiten (skriv ned kor djupt)
  • Lag kurver som illustrerer utviklinga i tørkeprosessen.
  • I tillegg kan de registrere synlege endringar i trebiten. Dette kan de dokumentere med bilete og eventuelt ein timelapse-film.

Diskusjon og konklusjon

  • Kva viser resultata?
  • Finn ut kva fukt bør det vere i trevirket før det blir rekna som tørt.
  • Har du forslag til forbetringar eller utvidingar av forsøket?
  • Kva meiner vi med påstanden «Tre er eit levande materiale»?
  • Kvifor bør treverket vere tørt før vi bruker det i ein konstruksjon eller overflatebehandlar det?
  • Diskuter om tørking av treverk bør gå føre seg innandørs eller utandørs.
CC BY-SASkrive av Kim Unstad, John Gunnar Halse og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale