Hopp til innhald

Fagstoff

Glas

Glas blir framstilt av kalk, sand og soda, og dette blir smelta og herda ved pressing. Herdespenningane aukar styrken på glaset fleire gonger.
Knust bilrute av laminert glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Glas er eit materiale som er gjennomsiktig, sterkt og ikkje spesielt reaktivt, og på grunn av dette har det mange bruksområde. Glas blir for eksempel brukt i vindauge, til å drikke av, til oppbevaring av væsker og matvarer, innanfor kjemi og i karosserikonstruksjonar og køyretøy.

Bruk av glas i køyretøy

Vi skal her sjå på bruk av glas i karosserikonstruksjonar og køyretøy.

Ved bruk i moderne karosseri er det fleire krav som blir stilte til glasa − ikkje berre at det skal vere god sikt gjennom dei. Eigenskapane og krava kan punktvis setjast opp slik:

  • Alle ruter skal vere «sikringsglas» jf. bestemmingar om køyretøy.
  • Glasa er berande element i karosseriet.
  • Glasa skal ha varmeisolerande effekt.
  • Glasa skal filtrere UV-strålar (sollys).
  • Glasa skal vere ein integrert del av forma på karosseriet.
  • Somme glasruter i køyretøyet må kombinerast med varmetrådar for avising/kondensfjerning.
  • Glasa skal kunne monterast og demonterast utan større vanskar.

Glastypar i køyretøy

I køyretøyforeskriftene, § 31-2, blir det beskrive kva glasrutetypar som er godkjende i køyretøy. Her står mellom anna:

«Frontvindu skal være av laminert glass. Andre vinduer skal være av laminert eller herdet glass. Vindu, unntatt frontvindu, som skal brukes som nødutgang, skal ikke være av laminert glass. Innvendige vindu og takvindu kan være av plast».

Vidare blir det vist til EU-direktiv som gjeld
godkjenningsnormer for vindauge i køyretøy.

Vi skal no sjå på ulike aktuelle glasnemningar og det karakteristiske for desse glastypane.

Herda glas

Herda glas blir framstilt ved at det under herdeprosessen blir nytta varierande luftavkjøling. Ein oppnår då at overflata i ei bilrute står under trykkspenning mens kjernen blir seigare. Dette er grunnen til at det ikkje oppstår farlege splintar om ei rute blir knust av ein ytre påverknad. I tillegg opererer ein med ein annan glastruktur i spesialherda frontruter ved at ein lagar eit område med grovare brotstruktur framfor føraren. Dette gjer at sikten blir teken noko betre vare på i dette viktige området.

Laminert glas

Laminert glas består av eit glasmateriale som er mykje likt herda glas, men i tillegg er ruta delt i minst to lag med eit mellomlegg av PVB-plastfolie imellom. Store ruter i bussar har gjerne to lag med PVB-folie mellom glaslaga. Ved skadar vil glaset bli knust i små delar, men det blir likevel halde saman som ei eining av den fleksible plastfolien, slik at føraren ikkje får bitane slengde over seg. I tillegg vil det vere ein viss sikt gjennom ruta sjølv om ho er skadd. Ei laminert frontrute vil med fleksibiliteten ho har, kunne tole ein god del ytre påverknad og vernar dei som er i køyretøyet, mot skade frå eksempelvis ein stein.

Farga glas

For å verne mot UV-strålane frå sollyset (synlege) og spesielt IR-strålane (usynlege og varmeutviklande) bruker ein farga glas. Innfarga glas dempar gjennomstrålinga – spesielt av IR-strålane. Farga glas i vindaugsruter i køyretøyet gir òg ein estetisk betra utsjånad.

Isolert glas

Isolert glas blir brukt i komfortable bussar som i tillegg har kompliserte VVS-anlegg for å innfri dei aukande komfortkrava som blir stilte til persontransport over lengre avstandar. Det blir nytta doble ruter som er limte saman med eit tett luftrom imellom.

Oppvarma glas

Oppvarming av glasa oppnår ein ved at det blir montert varmetrådar av sølvlegering på innsida av glasruta. Legeringa blir smelta på ruta ved hjelp av ei varmebehandling. Etterpå blir det lagt på eit belegg som vernar mot oksidering og mekanisk påverknad.

Les om glass-materiale hos Store norske leksikon.

Høghus med fasade av glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2018

Læringsressursar

Stoff og materiale