Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Overflatebehandling av tre

Undersøk korleis ulike overflatebehandlingar påverkar ulike typar treverk.
Trelast stabla i hyller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

  • Kva fslags ulike typar overflatebehandling kjenner de til?
  • Kva er føremålet med overflatebehandling?

Tresortar og overflatebehandling

  1. Ta med avskjer frå bygghallen eller heimanfrå.
  2. Finn ut kva tresortar de har.
  3. Kva typar treverk er vanlege å bruke i bygg i Noreg?
  4. Finn ut kva slags overflatebehandling som eventuelt er brukt. Er treverket impregnert på nokon måte?
  5. Kva typar overflatebehandling av tre er vanlege å bruke i Noreg?
  6. Kva er føremålet med overflatebehandling?
  7. Diskuter denne påstanden: «Overflatebehandling av tre bidreg til meir berekraftige materiale.»

Problemstilling

Lag ei problemstilling som de vil undersøkje.

Døme:

Er det slik at nokre tresortar trekkjer til seg vatn lettare enn andre?

Kva tyding har overflatebehandling for kor mykje vatn treverket trekkjer til seg?

Plan

Lag ein plan for korleis de kan undersøkje følgjande:

  1. I kva grad trekkjer ulike typar treverk til seg vatn etter ulike typar overflatebehandlingar?
  2. Korleis blir treverket påverka av ytre påkjenningar som regn, varme, kulde, sol, vind og ulike gassar?

    Det tek lang tid å finne ut av dette ved å la treverket stå ute i vêr og vind. Finn metodar for å lage dykkar eige vêr.

Gjennomfør planen

Gjennomfør planen de har laga. Ta bilete undervegs i prosessen, og noter observasjonar og målingar på ein systematisk måte.

Konklusjon

Bruk observasjonar og målingar til å svare på problemstillinga de sette opp. Kva har de funne ut?

Relatert innhald

Her finn du eit verktøy til å lage rapportar frå ulike arbeidsoppdrag.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft