Utforsking i handverk, design og produkutvikling
Det er vel mest spennande å utforske noko du eller de i klassen sjølv har lyst til å finne ut? Når de skal finne ei problemstilling sjølv, er det lurt å bruke god tid på å finne ut kva denne problemstillinga skal vere.
Denne sida gir deg tips til korleis du kan kome i gang med utforsking, og korleis du kan leggje opp arbeidet.
Ta utgangspunkt i viktige tema i handverk, design og produktutvikling
Lag ei problemstilling som tek utgangspunkt i sentrale tema i handverk, design og produkutvikling, men der du treng kunnskapar og ferdigheiter frå naturfag:
- Undersøk og vurder livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv.
- Utforsk berekraftige alternativ til materiale og prosessar som er mykje brukte.
- Korleis kan teknologi bidra til å redusere klima- og miljøbelastningar?
- Kjenner du til problemområde eller utfordrande oppgåver/operasjonar i det framtidige yrket ditt? Kanskje du kan arbeide med forslag til løysingar som kan forbetre eller forenkle situasjonen/arbeidsprosessen?
Samarbeid med bedrifter eller kommunen
Å utforske med utgangspunkt i eit oppdrag kan vere motiverande. Ta kontakt med lokale bedrifter eller kommunen. Kanskje dei treng hjelp til å finne ut noko?
På sida til Lektor 2 Naturfagsenteret finn de mange døme på oppdrag, både frå offentlege verksemder og private bedrifter. Oppdraga kan brukast som dei er, eller som inspirasjon til å lage eigne oppdrag. Ta kontakt med lokale aktørar. Kanskje de kan få til eit samarbeid?
Lag oppdrag sjølv
Viss de ikkje får nokon utanfor skulen til å gi dykk oppdrag, kan de lage oppdrag til kvarandre. La nokon ta rolla til leiinga i ei bedrift. Desse lagar eit oppdrag som andre i klassen skal løyse. Legg opp dette så realistisk som mogleg, med oppdragsbrev, møte med rapportering undervegs i prosessen og ein sluttpresentasjon når utforskinga er avslutta.
Opplegg på NDLA
I dette emnet ligg nokre forslag til opplegg. De kan bruke dei som dei er, eller lage ei eiga vinkling på dei.