Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Undersøk livsløpet til eit produkt

For å finne ut korleis eit produkt påverkar miljøet, kan vi gjere ein livsløpsanalyse av produktet.

Kva er poenget med ein livsløpsanalyse?

I ein livsløpsanalyse følgjer vi eit produkt gjennom heile livssyklusen til produktet: frå råvare til resirkulering eller avfall. Føremålet kan vere å få oversikt over korleis produktet påverkar miljøet, og kvar i livsløpet dette skjer. Når vi veit det, kan vi setje i verk tiltak der det hjelper mest.

Vi kan òg bruke livsløpsanalysar for å samanlikne ulike produkt og finne ut kva produkt som er minst negativt for miljøet.

Tenk gjennom

Kva andre faktorar enn miljø må vi ha med i analysen viss vi vil finne ut kor berekraftig eit produkt er?

Oppgåve: Vel eit produkt eller ei teneste som de vil analysere

  1. Bestem dykk for kva de vil fokusere på i analysen. Miljøpåverknad eller berekraftig utvikling er to moglegheiter.
  2. Få oversikt over dei ulike fasane i livsløpet til produktet/tenesta.
    Bruk til dømes Diagrams.net til å lage flytdiagram.
  3. Start med å undersøkje den første fasen.
    Diskuter: På kva måtar kan denne fasen påverke miljøet? Bruk gode kjelder for å sjekke at det de trur, stemmer.
  4. Teikn inn linjer/piler som viser samanhengar, og skriv inn kva som blir påverka.
  5. Legg til nye fasar og påverknadsfaktorar etter kvart som de finn ut meir.
Flytskjema over delar av livsløpet til eit produkt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag: Del det de har funne ut, med produsenten

Produsenten av det produktet de har undersøkt, har fått greie på at de driv og analyserer produktet deira. Dei tek kontakt med dykk og vil gjerne vite korleis de har jobba, og kva de har funne ut.

  1. Diskuter: Korleis kan de dele det de har funne ut?
  2. Foreslå konkrete tiltak som produsenten kan setje i verk for å gjere dette produktet meir miljøvennleg. Bruk argument som kan overtyde styret om at dette er ein god idé. Kva argument kan det vere?

Oppgåve: Lag eit verktøy eller eit program for å samanlikne produkt

Lag eit verktøy eller eit program som reknar ut kor berekraftig eit produkt er, basert på kriterium som de har lagt til grunn. Når de legg inn skårar/karakterar for dei ulike kriteria, skal programmet berekne ein totalskår. Med utgangspunkt i totalskårane kan de samanlikne livsløpet til produkt av same type, til dømes ulike typar PC-ar.

Sjå oppgåva Lag din eigen reisekalkulator for å få tips til korleis de kan bruke rekneark til å lage eit slikt verktøy.

Relatert innhald

Kjelde

Taylor, M.B. & van der Velden, M. (2017, 30. november). SMART DELIVERABLE. Sustainability Hotspots Analysis of the Mobile Phone Lifecycle. Henta 18. september 2020 frå https://www.smart.uio.no/publications/reports/sustainability-hotspots-analysis-of-the-mobile-phone-lifecycle.PDF

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft