Takvinklar
Du skal byggje eit hus. Du har tenkt at huset skal vere 6 m breitt og takvinkelen cirka 20 grader.
Du har tenkt å utnytte plassen på loftet, sjølv om det blir skråtak på desse romma. Kor god blir eigentleg takhøgda på loftet?
Takvinkelen på eit hus med skråtak, til dømes saltak slik som på biletet over, er vinkelen mellom taket og horisontalplanet (vassrett), sjå figuren.
Vi går no ut frå at golvet i loftsrommet går langs den stipla linja på figuren. Vi ser òg bort ifrå tjukkleiken på veggar og tak i denne diskusjonen. Loftsrommet får skrå himling, og takhøgda blir størst oppunder mønet og går ned mot null ytst. Rommet får den same breidda som huset, men det er vanskeleg å bruke arealet ut mot ytterveggane til noko. Derfor blir det ofte sett inn såkalla kneveggar (sjå simuleringa nedanfor) for å redusere breidda på loftsrommet.
Kor høgt blir det under taket i eit slik loftsrom i eit konkret tilfelle der breidda på huset og takvinkelen er fastsett? Nedanfor kan du prøve sjølv og sjå kva som skjer med loftsrommet når du endrar breidda på huset, takvinkelen, løftar taket opp eller byggjer knevegger.
Du kan endre på huset ved å dra i glidebrytarane i simuleringa nedanfor.
Filer
I utgangspunktet i simuleringa er breidda på huset 6 m og takvinkelen 20 grader. Kor høgt blir det under taket på det høgaste, det vil seie oppunder mønet? Er det ei grei takhøgde?
Nemn tre måtar vi kan auke takhøgda på loftet med.
Bruk simulering over til å svare på oppgåvene. Bruk måla huset i simuleringa har i utgangspunktet. (Du kan nullstille simuleringa med knappen øvst til høgre i simuleringa.) I kvar av oppgåvene skal du berre endre på éin av storleikane.
Vi ønskjer å gjere noko med måla på huset for at takhøgda på loftet i alle fall skal bli 2,40 m på det høgaste, det vil seie oppunder mønet.
- Kva må breidda på huset vere for at takhøgda skal vere 2,40 m på det høgaste?
- Kva må takvinkelen vere for at takhøgda skal vere 2,40 m på det høgaste?
- Kor mykje må taket løftast for at takhøgda skal vere 2,40 m på det høgaste?
- Vurder kva for ein av dei tre metodane som er best eigna for å auke takhøgda på loftet.
- Dersom vi kan kombinere dei tre måtane å endre loftsrommet på, kva blir den beste kombinasjonen av storleikane for å få eit bra loftsrom?
Du finn fleire slike oppgåver på sida "Bli kjend med takvinklar".