Hopp til innhald
Oppgåve

Fall

Bli betre kjend med fall gjennom desse oppgåvene. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

a) På biletet driv Paal og legg botnleidning. Botnleidningane skal etter forskrifta ha eit fall på minimum 1 : 60.

Kva betyr eit fall på 1 : 60 forklart med ord?

Løysing

Det betyr at for kvar 60 cm vassrett lengde skal høgdeforskjellen vere 1 cm.

Figuren er ikkje teikna med rett storleiksforhold mellom lengdene. Kvifor ikkje?

b) Du har eit røyrstykke som er omtrent 60 cm langt. Kva må høgdeforskjellen på dei to opningane vere dersom røyret skal leggast med eit fall på minst 1 : 60?

Løysing

Høgdeforskjellen mellom røyropningane må minst vere 1 cm.

c) Du har eit røyrstykke som er omtrent 120 cm langt. Kva blir høgdeforskjellen på dei to opningane dersom røyret skal leggast med eit fall på minst 1 : 60?

Løysing

Sidan dette røyret er dobbelt så langt som røyret i den førre oppgåva, må høgdeforskjellen òg vere dobbelt så stor. Høgdeforskjellen mellom røyropningane må minst vere

1 cm·2=2 cm.

d) Vi skal legge eit avløpsrøyr på ei vassrett lengde på 200 cm. Kva blir høgdeforskjellen på dei to opningane dersom røyret skal leggast med eit fall på minst 1 : 60?

Løysing

Her blir det ikkje eit heilt tal på "60 cm". Vi kan finne ut kor mange "60 cm" det er plass til på 200 cm ved å dele.

200 cm60 cm=3,3

Høgdeforskjellen må minst vere 3,3 cm for at fallet skal vere minst 1 : 60.

Alternativt kan vi løyse dette ved å gå vegen om 1:

På 60 cm røyr er det ein høgdeforskjell på 1 cm. Vi deler på 60 for å finne høgdeforskjellen per cm vassrett lengde og gongar med den lengda vi skal ha, det vil seie 200 cm.

1 cm60·200=3,3 cm

Vi kan òg gå vegen om 10 cm:

På 60 cm røyr er det ein høgdeforskjell på 1 cm. Vi deler på 6 for å finne høgdeforskjellen per 10 cm vassrett lengde og gongar med 20 for å få den lengda vi skal ha, 200 cm. Då ser reknestykket slik ut:

1 cm6·20=3,3 cm

e) Vi skal legge eit avløpsrøyr på ei vassrett lengde på 3,50 m. Kva blir høgdeforskjellen på dei to opningane dersom røyret skal leggast med eit fall på minst 1 : 60?

Løysing

Igjen finn vi svaret ved å dele for å sjå kor mange "60 cm" det er plass til på 350 cm.

350 cm60 cm=5,8

Høgdeforskjellen må minst vere 5,8 cm for at fallet skal vere minst 1 : 60.

Alternativt kan vi løyse dette ved å gå vegen om 1:

På 60 cm røyr er det ein høgdeforskjell på 1 cm. Vi deler på 60 for å finne høgdeforskjellen per cm vassrett lengde og gongar med den lengda vi skal ha, det vil seie 350 cm.

1 cm60·350=5,8 cm

f) Eit røyr skal leggast på ei vassrett lengde på 1,5 m slik at det er 3 cm høgdeforskjell mellom røyropningane. Er det nok høgdeforskjell til å tilfredsstille kravet om eit fall på 1 : 60?

Løysing

Vi kan løyse dette ved å rekne ut kva høgdeforskjellen minst må vere, på same måte som i oppgåvene over.

På 60 cm røyr er det ein høgdeforskjell på 1 cm. Vi deler på 60 for å finne høgdeforskjellen per cm vassrett lengde og gongar med den lengda vi skal ha, det vil seie 150 cm.

1 cm60·150=2,5 cm

Sidan høgdeforskjellen var 3 cm, var fallet litt større enn 1 : 60, så det er nok høgdeforskjell mellom røyropningane.

g) Kor stort er fallet på røyret i oppgåve f) skrive

  1. som eit forhold (på forma "1 : ...")

  2. som desimaltal

  3. som prosent

Avgjer òg om det er nok fall på dette røyret.

Løysing

Vi set opp høgde- og lengdeforskjellen som ein brøk, forkortar brøken slik at vi får 1 i teljaren og reknar ut brøken til slutt.

3150=3:3150:3=150=0,02=2 %

  1. Fallet skrive som eit forhold er 1 : 50.

  2. Fallet skrive som eit desimaltal er 0,02.

  3. Fallet skrive som ein prosent er 2 %.

Dette røyret har nok fall fordi eit fall på 1 : 50 er større enn eit fall på 1 : 60. Årsaka til det er at med eit fall på 1 : 50 fell røyret 1 cm på 50 cm lengde, mens med eit fall på 1 : 60 fell røyret 1 cm på 60 cm lengde.

h) Kva er fallet på eit røyr der høgdeforskjellen er 4 cm på ei lengde på 220 cm skrive på dei tre ulike måtane? Er det nok fall?

Løysing

Vi set opp høgde- og lengdeforskjellen som ein brøk, forkortar og reknar ut:

4120=4:4220:4=155=0,0182=1,82 %

  1. Fallet skrive som eit forhold er 1 : 55.

  2. Fallet skrive som eit desimaltal er 0,018 2.

  3. Fallet skrive som ein prosent er 1,82 %.

Det er nok fall på dette røyret.

i) Kva er fallet på eit røyr der høgdeforskjellen er 3 cm på ei lengde på 200 cm skrive på dei tre ulike måtane? Er det nok fall?

Løysing

Vi set opp høgde- og lengdeforskjellen som ein brøk, forkortar og reknar ut:

3200=3:3200:3=166,7=0,015=1,5 %

  1. Fallet skrive som eit forhold er 1 : 66,7.

  2. Fallet skrive som eit desimaltal er 0,015.

  3. Fallet skrive som ein prosent er 1,5 %.

Dette er ikkje nok fall.

j) Kva er den største lengda du kan legge eit avløpsrøyr langs, når fallet skal vere minst 1 : 60, og dersom høgdeforskjellen på røyropningane er 5 cm?

Løysing

Når fallet på røyret er 1 : 60, betyr det at den vassrette lengdeforskjellen (eller i praksis lengda på røyret) er 60 gonger lengre enn høgdeforskjellen. Lengdeforskjellen kan derfor maksimalt vere

5 cm·60=300 cm

Oppgåve 2

På biletet driv Paal og kontrollerer fallet på eit avløpsrøyr.

a) Er det den høgre eller den venstre ende av røyret som skal vere lågast sett frå vår side?

Løysing

Sidan sluket kjem inn på høgre ende av røyret, skal spillvatnet renne mot venstre. Den venstre enden av avløpsrøyret skal vere lågast.

b) Paal legg vateret rett på røyret. Korleis vil bobla i vateret ligge i forhold til strekane som viser at vateret er vassrett?

Løysing

Sidan røyret er (skal vere) høgast til høgre, vil vaterbobla sjå ut som på biletet. Bobla vil bli forskyvd mot høgre sett frå vår side.

c) Kva ende av vateret skal Paal legge ein finger under når han skal kontrollere om det er nok fall?

Løysing

Sidan fingeren skal motverke fallet på røyret, må han legge fingeren under venstre side av røyret (sett frå vår side).

d) Paal legg ein finger mellom vateret og avløpsrøyret i venstre ende av vateret. Vaterbobla ser no ut som på biletet nedanfor (sett frå vår side).

Er det nok fall på røyret?

Løysing

Vi ser at fingeren meir enn opphevar fallet på røyret. Då er ikkje røyret lagt med nok fall.

Oppgåve 3

Lån ein bit avløpsrøyr og eit 60 cm vater frå byggverkstaden.

a) Lag fall på røyret ved å legge noko under den eine enden på røyret (noko som det går an å måle). Kontroller med vateret om røyret er lagt med nok fall.

b) Mål den vassrette lengda langs røyret og høgdeforskjellen. Rekn ut fallet på røyret. Stemmer berekningane dine med kontrollen i oppgåve a)?

Oppgåve 4

a) Vi har heile tida bevisst snakka om "vassrett lengde", ikkje "lengda av røyret" når vi har rekna på fall. Kvifor har vi gjort det?

Løysing

Når vi skal legge avløpsrøyr med fall, går vi alltid ut ifrå ei teikning der måla er vassrette. Den vassrette avstanden og den loddrette høgdeforskjellen blir katetane i ein rettvinkla trekant der lengda på røyret blir hypotenusen. Sidan hypotenusen i ein rettvinkla trekant alltid er lengre enn dei to katetane, vil røyret alltid vere litt lengre enn den vassrette avstanden røyret skal leggast på.

b) I oppgåve 1 d) skulle høgdeforskjellen vere 3,3 cm når den vassrette lengda røyret skulle leggast på, var 200 cm. Rekn ut den eksakte lengda av røyret.

Tips til oppgåva

Bruk pytagorassetninga.

Løysing

Pytagorassetninga seier at vi kan rekne ut hypotenusen, det vil seie lengda av avløpsrøyret, ved å gonge kvar katet med seg sjølv, legge resultatet saman og ta kvadratrota av dette. Vi får

200·200+3,3·3,3=40 010,9

40 010,9=200,03

Lengda av avløpsrøyret blir 200,03 cm. Det betyr at i praksis er det ingen forskjell på det vi kallar vassrett lengde og lengda på røyret. Teikninga over blir nokså misvisande, for røyret ser mykje brattare ut enn det eigentleg er.

c) Dersom du skal teikne røyret i den førre oppgåva med ei lengde på 10 cm, kor stor skal du då teikne høgdeforskjellen for at storleiksforholdet skal bli rett? Teikn røyret i denne målestokken.

Løysing

Frå oppgåve 1 h) har vi at fallet på røyret er 1 : 55. Det betyr at den vassrette lengdeforskjellen (eller i praksis lengda på røyret) er 55 gonger lengre enn høgdeforskjellen. Høgdeforskjellen skal derfor vere

10 cm55=0,18 cm0,2 cm=2 mm

Ei teikning av røyret med riktige storleiksforhold blir derfor slik som nedanfor:

Oppgåve 5

Figuren viser teikninga av eit badegolv med eit sluk i golvet. For at vatn på golvet skal renne mot sluket, skal fallet på golvet mot sluket minst vere 1 : 100. Kor høgt må punktet A ved veggen minst vere i forhold til sluket?

Løysing

Vi må finne ut kor mange 100 mm det er plass til på 1 580 mm.

1 580 mm100 mm=15,816

Punktet A må ligge 16 mm høgare enn sluket.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Filer