Hopp til innhald
Oppgåve

Lodderamme av koparrøyr

Koparrøyr blir brukte til vassleidningar inne i bygningar. Når koparrøyr skal koplast saman med kvarandre, er det vanleg å bruke lodding med loddetinn. Kor lange skal røyra til eit bestemt røyranlegg vere? På denne sida kan du rekne ut røyrlengder, og du finn forslag til ei tverrfagleg oppgåve.

Lodderamme

Ei lodderamme er ei lita ramme som er lodda saman av koparrøyr som du lagar for å øve deg på lodding og berekning av røyrlengder. Sjå videoen nedanfor først for å få ein introduksjon til kva ei lodderamme er, og korleis vi bereknar kor lange dei ulike røyra skal vere. Undervegs i videoen dukkar det opp spørsmål du skal svare på.

Løysingane på oppgåvene finn du nedst på sida. Der finn du òg oppgåvene som nedlastbare filer.

Oppgåve 1

a) Kva er ein olboge?

b) Korleis måler vi avstanden mellom to parallelle røyr?

c) Til denne oppgåva treng du ein liten bit koparrøyr og minst éin olboge.

Bruk røyrbiten og olbogen. Mål og finn avstanden frå røyrenden der han stikk inn i olbogen, til senter i den andre enden av olbogen, altså den avstanden som manglar mål på den første teikninga.

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal vi bruke at avstanden frå enden på koparrøyret når det blir stukke inn i olbogen og til senter i andre enden av olbogen, er 9 mm, som teikninga viser. (På videoen var denne avstanden 7 mm.)

Biletet nedanfor viser ei teikning av den same lodderamma som i videoen.

a) Kor lang skal røyrdelen nedst på teikninga vere for at avstanden frå senter til senter skal bli 250 mm som gitt? (Hugs å bruke 9 mm for avstanden frå enden på koparrøyr når det blir stukke inn i olbogen og til senter i den andre enden av olbogen.)

b) Kor lang skal røyrdelen nedst på teikninga vere for at avstanden frå senter til senter skal bli 210 mm i staden for 250 mm?

c) Kva blir senter–senter-avstanden nedst på teikninga dersom vi lar røyret nedst på teikninga vere 220 mm?

d) Vil det alltid vere slik at røyrenden som blir stukke inn i den eine enden av olbogen, vil ligge 9 mm frå sentrum i den andre enden?

Oppgåve 3

Teikninga viser ei lodderamme med same type røyr og røyrdelar som i den førre oppgåva.

a) Kor lang er den ukjende avstanden på teikninga?

For å lage forgreininga på lodderamma bruker vi eit t-røyr, sjå illustrasjonen. Lengda på t-røyret er 38 mm, og eit røyr som blir stukke inn, går 12 mm inn i t-røyret.

b) Rekn ut kor stor plass t-røyret tek i lengderetninga. Eller sagt på ein annan måte: Kor stor er avstanden mellom endane på koparrøyra som blir stukke inn mot kvarandre i t-røyret?

c) Kva blir rett lengde på dei to øvste røyra der senter–senter-avstanden skal vere 90 mm? (Hugs å ta omsyn til kor stor plass t-røyret tek i lengderetninga.)

d) Skaff deg oversikt over lengda på dei ulike røyrdelane du treng: Bruk informasjonen på teikningane og lag ei kappliste (liste over røyr med gitt lengde) for denne lodderamma. Røyret på den øvste forgreininga skal kappast til 88 mm.

Oppgåve 4

a) To røyrendar stikk ut av ein vegg. Avstanden senter–senter mellom dei er 1 500 mm. Desse skal koplast med den same typen røyr som i oppgåve 1 og 2.

Rekn ut nøyaktig kor langt koparrøyret må vere.

b) Du kjøper 3,5 m koparrøyr til 234 kroner. Kva blir prisen for den lengda av koparrøyr du treng i oppgåve a)?

Tips til oppgåva

Bruk metoden "vegen om 1", som betyr at du først reknar ut prisen per meter.

c) Det stikk to røyrendar (A og B) ut av veggen på biletet nedanfor. Desse skal koplast saman med den same typen røyrdelar som i oppgåve 1 og 2.

Det blir vanlegvis finast at røyra går anten loddrett eller vassrett. Foreslå ulike måtar å legge røyra på og rekn ut nøyaktig kor mykje røyr du treng. Hugs å ta omsyn til olbogane i berekninga.

d) Vi tenker oss at du har berre 3 m med koparrøyr. Korleis vil du legge røyra då? Rekn ut kor mykje koparrøyr du treng med denne legginga.

Oppgåve 5

a) Lag ei lodderamme eller ei anna røyrkopling på røyrverkstaden ut frå ei målsett teikning du får av læraren din.

b) Kople ei vasskran til lodderamma og opne krana. Er lodderamma tett?

c) Lag ein liten rapport på det du har gjort. Rapporten skal innehalde følgande:

  • utrekningar av lengda på røyrdelane og kapplista

  • HMS-tiltaka som blir gjennomførte under produksjonen

  • utrekning av prisen på lodderamma til kunde

Du kan bruke det vedlagte dokumentet nedanfor som mal.

Nedlastbare oppgåvefiler

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Løysingar

Oppgåve 1 a)

Løysing

Ein olboge er ein røyrdel vi bruker til å kople saman to røyr som skal stå i ein bestemd vinkel i forhold til kvarandre, som regel 90 gradar.

Oppgåve 1 b)

Løysing

Avstanden mellom to parallelle røyr blir vanlegvis målt frå senter til senter, slik figuren nedanfor viser.

Oppgåve 1 c)

Avstanden vil variere litt avhengig av korleis olbogane ser ut.

Oppgåve 2 a)

Løysing

Her må vi trekke frå 9 mm for kvar ende av røyret, altså 18 mm. Røyrlengda blir

250 mm-18 mm=232 mm

Oppgåve 2 b)

Løysing

Som i den førre oppgåva må vi trekke frå 9 mm for kvar ende av røyret, altså 18 mm. Røyrlengda blir

210 mm-18 mm=192 mm

Oppgåve 2 c)

Løysing

Her må vi legge til 9 mm for kvar ende av røyret, altså 18 mm, for å komme fram til sentrum i den andre enden av olbogane. Avstanden senter–senter blir

220 mm+18 mm=238 mm

Oppgåve 2 d)

Løysing

Olbogane som er brukte i oppgåvene her, er slike at røyrenden i éin av endane alltid kjem 9 mm frå sentrum i den andre enden av olbogen. I videoen øvst på sida vart denne avstanden målt til 7 mm. Derfor må du alltid kontrollmåle olbogane du skal bruke i eit bestemt røyranlegg.

Oppgåve 3 a)

Løysing

Sidan alle måla går frå senter til senter, blir avstanden

180 mm-90 mm=90 mm

Oppgåve 3 b)

Løysing

Sidan røyra går 12 mm inn i t-røyret frå kvar side, vil plassen t-røyret krev i lengderetninga, vere

38 mm-2·12 mm=38 mm-24 mm=14 mm

Oppgåve 3 c)

Løysing

Røyr som blir stukne inn i lengderetninga på t-røyret, vil ende

14 mm2=7 mm

frå senterlinja gjennom t-røyret. For dei to røyra på 90 mm må vi derfor trekke frå 9 mm for olbogen og 7 mm for t-røyret, det vil seie til saman 16 mm.

Røyra til avstand 90 mm frå senter til senter får då lengda

90 mm-16 mm=74 mm

Oppgåve 3 d)

Løysing

Røyr til avstand 180 mm frå senter til senter:

180 mm-18 mm=162 mm

Røyr til avstand 170 mm frå senter til senter:

170 mm-18 mm=152 mm

Kapplista blir

  • 1 stk. 162 mm

  • 2 stk. 152 mm

  • 2 stk. 74 mm

  • 1 stk. 88 mm

Oppgåve 4 a)

Løysing

Som i oppgåve 1 må vi trekke frå 9 mm for kvar ende av røyret på grunn av olbogane som må brukast. Røyrlengda blir

1 500 mm-18 mm=1 482 mm

Oppgåve 4 b)

Løysing

Vi finn prisen for 1 meter koparrøyr ved å dele prisen for 3,5 m røyr med 3,5. Deretter gongar vi med den lengda vi treng. Prisen blir

234 kr3,5 m·1,482 m=99,08 kr

Oppgåve 4 c)

Løysing

Vi kan til dømes legge eit røyr vassrett til høgre frå A til vi er rett under B og så legge eit loddrett røyr opp til B. Sidan vi bruker olbogar der vi koplar saman røyra, må vi igjen trekke frå 18 mm når vi bereknar røyrlengdene. Røyrlengdene blir som følger:

vassrett røyr: 2 300 mm-18 mm=2 282 mm

loddrett røyr: 1 200 mm-18 mm=1 182 mm

Alternativt kan vi legge det loddrette røyret rett opp frå A og det vassrette røyret rett bort til B. Lengda på røyra blir uansett den same.

Oppgåve 4 d)

Løysing

Med 3 m koparrøyr totalt har vi ikkje nok til å legge røyra vassrett og loddrett. Då er det kanskje finast å legge eitt røyr i ei rett linje mellom A og B, sjå den tjukke stipla linja på figuren nedanfor.

Røyret mellom A og B er hypotenusen i ein rettvinkla trekant der katetane er 1 200 mm og 2 300 mm. Vi kan derfor bruke pytagorassetninga for å rekne ut kor langt røyret skal vere. Vi gjer om lengdene til meter.

1,22+2,32=6,736,73 m=2,594 m=2 594 mm

Som før må vi trekke frå 18 mm på grunn av olbogane. Lengda på røyret blir

2 594 mm-18 mm=2 576 mm

Videoen med spørsmålet øvst på sida er delar av ein annan video. På sida nedanfor får du sett heile videoen om korleis lodderamma skal lagast. Videoen inneheld òg nokre andre spørsmål om prosessen.

Relatert innhald

Fagstoff
Lodderamme av koparrøyr

Slik lagar du ei ramme av koparrøyr med kapillardelar. Her finn du video med oppgåver.