Inndeling av tømmermannskledning - Matematikk 1P-Y - BA - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Oppgave

Inndeling av tømmermannskledning

Øv på å berekne inndeling av tømmermannskledning her. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

I alle oppgåvene på denne sida tek vi utgangspunkt i at overliggarar og underliggarar alltid har den same dimensjonen dersom det ikkje står noko anna.

Oppgåve 1

a) Interaktiv oppgåve: Dra dei ulike omgrepa på rett plass på teikninga, som viser eit tverrsnitt av tømmermannskledning.

b) Kva blir det ideelle dekningsmålet for tømmermannskledning dersom dimensjonen på borda er 19 x 173 mm og vi bruker 20 mm som ideelt omlegg?

Løysing

Vi må ta to bordbreidder og trekke frå 2 omlegg. Det ideelle dekningsmålet blir

Oppgåve 2

Eit felt på ein vegg på eit hus skal kledast med tømmermannskledning med bord som har dimensjon 19 x 148 mm. Feltet skal starte og avslutte med ein underliggar slik at yttermåla på feltet er 1 504 mm, som teikninga viser. Det ideelle omlegget er sett til 20 mm. Rekn ut kor mange underliggarar det blir på dette feltet.

Løysing

Vi startar med å rekne ut det ideelle dekningsmålet, som vi finn ved å ta to bordbreidder og trekke frå to omlegg.

Så må vi trekke breidda av ein underliggar frå totallengda av feltet.

Vi finn talet på dekningsmål ved å dele den reduserte totallengda på det ideelle dekningsmålet.

Vi rundar av oppover og får at talet på dekningsmål blir 6. Då blir det totalt 7 underliggarar på feltet med den vi trekte frå.

Oppgåve 3

a) Eit felt under eit vindauge har 5 underliggarar og 4 overliggarar. Teikn ei skisse av tverrsnittet av kledninga på dette feltet.

Løysing

b) Bordbreidda på kledninga er 173 mm. Dekningsmålet er 298 mm. Forklar kvifor omlegget er 24 mm.

Løysing

Sidan dekningsmålet er to bordbreidder minus to omlegg, finn vi omlegget ved å ta to bordbreidder, trekke frå dekningsmålet og dele resultatet på 2. Omlegget er

c) Skriv på dei tre måla frå oppgåve b) på rett plass på teikninga.

Løysing

Oppgåve 4

Feltet mellom to vindauge på ein vegg er 3 550 mm målt frå ytst til ytst på underliggarane som avgrensar feltet, sjå skissa. Feltet skal kledast med tømmermannskledning med rektangulære bord med dimensjon 19 x 148 mm. Vi set det ideelle omlegget til 20 mm.

a) Kor mange underliggarar blir det i dette feltet?

Løysing

Vi følger framgangsmåten nedst på teorisida om tømmermannskledning og startar med å rekne ut det ideelle dekningsmålet, som er lik 2 bordbreidder minus 2 omlegg.

Vi trekker så breidda av ein underliggar frå den gitte lengda på feltet sidan feltet startar og sluttar med ein underliggar.

Talet på dekningsmål blir

Sidan omlegget ikkje bør vere mindre enn det ideelle omlegget på 20 mm, rundar vi opp talet på dekningsmål til 14. Då blir det totalt 15 underliggarar i dette feltet.

b) Rekn ut det justerte dekningsmålet og det justerte omlegget.

Løysing

Frå oppgåve a) har vi at talet på dekningsmål skal vere 14 på lengda 3 402 mm. Då blir det justerte dekningsmålet

Det justerte omlegget blir

c) Rekn ut plasseringa til dei 5 underliggarane lengst til venstre målt frå venstre side av den første underliggaren.

Løysing

1. underliggar:
2. underliggar:
3. underliggar:
4. underliggar:
5. underliggar:

d) Biletet viser ei skisse av delar av den ferdige kledninga. Det manglar 5 mål på teikninga. Teikn av skissa og skriv på desse 5 måla.

Løysing

Vi rundar av det justerte omlegget til 27 mm. Vi manglar målet som går frå den venstre enden på første underliggar og fram til første overliggar:

På teikninga har vi skrive på dei 5 måla.

e) Kontroller at du har rekna rett.

Løysing

Vi legg saman dei 14 dekningsmåla og éin underliggar.

Utrekninga stemmer, for vi fekk lengda på feltet til svar.

Oppgåve 5

Eit felt mellom to vindauge på ein vegg skal kledast med tømmermannskledning med rektangulære bord med dimensjon 19 x 173 mm. Avstanden mellom dei to underliggarane som definerer feltet, er 3 248 mm målt frå ytst til ytst. Vi set det ideelle omlegget til 20 mm som før.

a) Berekn inndelinga av underliggarane til tømmermannskledninga, og skriv opp posisjonen til dei 5 første underliggarane.

Løysing

Vi startar med å rekne ut det ideelle dekningsmålet, som er lik 2 bordbreidder minus 2 omlegg.

Vi trekker så breidda av ein underliggar frå den gitte lengda på feltet sidan feltet startar og sluttar med ein underliggar.

Talet på dekningsmål blir

Omlegget bør ikkje vere mindre enn det ideelle omlegget på 20 mm. Sjølv om vi er rett over 10 heile dekningsmål, vel vi å runde opp talet på dekningsmål til 11. Då blir det totalt 12 underliggarar i dette feltet.

Då blir det justerte dekningsmålet

Det justerte omlegget blir

Plasseringa av dei 5 første underliggarane blir

1. underliggar:
2. underliggar:
3. underliggar:
4. underliggar:
5. underliggar:

b) Biletet viser ei skisse av delar av den ferdige kledninga. Det manglar 5 mål på teikninga. Teikn av skissa og skriv på desse 5 måla.

Løysing

Vi rundar av det justerte omlegget til 33 mm og dekningsmålet til 280 mm. Vi manglar målet som går frå den venstre enden på første underliggar og fram til første overliggar:

På teikninga har vi skrive på dei 5 måla.

c) Kva blir det justerte omlegget dersom vi vel å bruke 10 dekningsmål i staden for 11?

Løysing

Då blir det justerte dekningsmålet

Det justerte omlegget blir

Dette er så nært det ideelle omlegget på 20 mm at vi godt kunne ha brukt 10 dekningsmål på feltet i staden for 11.

Oppgåve 6

Ta med kapp av kledning frå byggverkstaden og lat som at du skal lage tømmermannskledning på pulten din i klasserommet. Berekn ei inndeling med desse materialane og kontroller resultatet ved å legge ut bordbitane på pulten og måle dekningsmålet.

Oppgåve 7

a) Ein vegg på eit hus skal kledast med tømmermannskledning der borda har dimensjonen 19 x 173 mm. Eit felt på denne veggen er avgrensa av to underliggarar, og du har rekna deg fram til at det trengst 4 underliggarar i tillegg til dei to ytste underliggarane. Det justerte dekningsmålet er 255,4 mm.

Teikn eit snitt av den ferdige kledninga i feltet. Målset dekningsmålet og bordbreidda på teikninga.

Løysing

b) Du ønsker å kontrollere at du har rekna rett.

Kva for eit av reknestykka nedanfor er riktig når du skal sjekke at du har rekna rett?

Tips til oppgåva

Vi sjekkar om vi får totallengda på feltet når vi legg saman alle dekningsmåla pluss eventuelle ekstra bordbreidder.

Løysing

Når det er totalt 6 underliggarar og feltet startar og sluttar med ein underliggar, består feltet av 5 dekningsmål og éin underliggar. Reknestykket må vere 5 gonger dekningsmålet pluss éin underliggar. Det betyr at svaralternativ 3 er riktig.

c) Kva for eit av reknestykka nedanfor er riktig når du skal rekne ut det justerte omlegget?

Tips til oppgåva

Hugs at forskjellen på 2 bordbreidder og dekningsmålet er 2 omlegg.

Løysing

Utsegna i tipsboksen betyr at 2 bordbreidder minus dekningsmålet er lik 2 omlegg. Du må derfor rekne ut 2 bordbreidder, trekke frå dekningsmålet og dele resultatet på 2. Dette er det fjerde svaralternativet, som då er riktig.

d) Eit felt på ein hyttevegg skal kledast med tømmermannskledning der borda har dimensjonen 19 x 173 mm. Feltet er avgrensa av to underliggarar der avstanden frå ytst til ytst er 1 880 mm, slik skissa viser. Du har komme fram til at det trengst 5 underliggarar mellom dei to ytste underliggarane, og det justerte dekningsmålet er 284,5 mm.

Teikn eit snitt av den ferdige kledninga i feltet. Målset bordbreidda og dekningsmålet på teikninga.

Løysing

e) Kontroller om du har rekna rett.

Løysing

Med totalt 7 underliggarar består veggen av 6 dekningsmål og éin underliggar sidan feltet startar og endar med ein underliggar. Utrekninga blir

Du har rekna rett, for du fekk lengda på feltet til svar.

f) Du har komme fram til at det justerte omlegget er 30,8 mm. Kontroller at dette er rett.

Løysing

Vi må rekne ut 2 gonger bordbreidda og trekke frå dekningsmålet. Resultatet skal delast på 2.

Du har rekna rett.

g) Eit anna felt på veggen på hytta er 2 750 mm langt målt frå ytterside til ytterside på dei to underliggarane som avgrensar feltet. Du har rekna ut at det trengst totalt 10 underliggarar til veggen inkludert dei to underliggarane som avgrensar feltet, og det justerte omlegget skal vere 30 mm.

Kontroller om du har rekna rett.

Løysing

Sidan det trengst totalt 10 underliggarar, må feltet bestå av 9 dekningsmål og éin underliggar. Først reknar vi ut (det justerte) dekningsmålet:

Utrekninga vidare blir slik:

NB: Du har rekna rett sjølv om du ikkje fekk nøyaktig same svar. Det betyr berre at det er gjort ei avrunding i utrekninga av omlegget.

Oppgåve 8

Johannes skal kle eit skur med tømmermannskledning. Eit felt på den eine veggen er 1 785 mm langt målt frå ytst til ytst på underliggarane som markerer grensa for feltet. Han bruker dimensjonen 19 x 148 mm, og han har sett det ideelle omlegget til 20 mm.

Johannes reknar slik:

  • Ideelt dekningsmål:

  • Tal på dekningsmål:

  • Justert dekningsmål:

a) Kontroller utrekninga på same måte som i oppgåvene over. Har Johannes rekna rett?

Løysing

Ifølge utrekninga skal det vere 7 dekningsmål og éin underliggar. Kontrollutrekninga blir

Dette stemmer ikkje så bra. Johannes må ha gjort ein feil.

b) Finn feilen som Johannes har gjort, og rett opp utrekninga hans. Kontroller til slutt at utrekninga stemmer.

Løysing

Johannes gløymde at det er éin underliggar meir enn talet på dekningsmål. Vi må trekke breidda av ein underliggar frå totallengda på veggen før vi reknar ut talet på dekningsmål.

Riktig utrekning blir slik:

  • Det ideelle dekningsmålet er framleis 256 mm.

  • Vegglengde minus breidda av ein underliggar:

  • Talet på dekningsmål:

  • Justert dekningsmål:

Det blir totalt 7 dekningsmål no òg, men det justerte dekningsmålet er 234 mm. Kontroll av utrekninga:

No stemmer utrekninga.

Oppgåve 9

Mathias skal kle eit skur med tømmermannskledning. Eit felt på den eine veggen er 2 025 mm langt målt frå ytst til ytst på underliggarane som markerer grensa for feltet. Han bruker dimensjonen 19 x 148 mm, og han har sett det ideelle omlegget til 20 mm.

Mathias reknar slik:

  • Ideelt dekningsmål:

  • Vegglengde minus underliggar:

  • Talet på overliggarar:

  • Justert dekningsmål:

a) Kontroller utrekninga på same måte som i oppgåvene iver. Har Mathias rekna rett?

Løysing

Ifølge utrekninga skal det vere 7 dekningsmål og éin underliggar. Kontrollutrekninga blir

Dette stemmer bra nok sidan vi kom 0,3 mm frå lengda på feltet.

b) Rekn ut det justerte omlegget med inndelinga til Mathias. Kommenter resultatet.

Løysing

Det justerte omlegget blir

Dette omlegget blir altfor lite. Det bør ikkje vere mindre enn 20 mm.

c) Kva har Mathias gjort feil i utrekninga si? Rett opp utrekninga og vis at omlegget no blir stort nok.

Løysing

Mathias runda av talet på dekningsmål frå 7,3 til 7. Han burde ha runda oppover til 8.

Riktig utrekning blir slik:

  • Ideelt dekningsmål er framleis 256 mm.

  • Vegglengde minus breidda av ein overliggar er framleis 1 877 mm.

  • Justert dekningsmål:

  • Justert omlegg:

Oppgåve 10

Biletet viser ein vanleg måte å legge tømmermannskledning på rundt eit hjørne – ved å la to overliggarar møtast. Det betyr at dei to overliggarane må trekkast utanfor (forbi) standaren i hjørnet. På biletet er overliggaren til venstre trekt så langt ut at han dekker enden av overliggaren som kjem frå høgre. Dimensjonane på kledninga er 19 x 148 mm.

a) Kledninga rundt hjørnet skal vere symmetrisk, det vil seie at det skal ikkje vere meir overliggande materialar på den eine sida enn den andre. Kva må gjerast med den eine overliggaren for å få til det? Teikn òg ei skisse av snittet av kledninga ved hjørnet.

Løysing

Sidan overliggaren på venstre side skal overlappe den til høgre, må den til høgre på biletet kløyvast slik at den totale overliggande breidda blir lik breidda av materialane, det vil seie 148 mm. Sjå figuren nedanfor.

b) Kor mykje må kløyvast av overliggaren til høgre for at kledninga skal bli symmetrisk?

Løysing

Det må kløyvast av like mykje som tjukkleiken på materialane, det vil seie 19 mm.

c) Kor langt utanfor standaren i hjørnet må den kløyvde overliggaren på høgre side av hjørnet trekkast for at han skal treffe baksida av overliggaren frå venstre?

Løysing

Sidan overliggaren skal møte baksida av overliggaren til venstre, må han plasserast ei lengde lik tjukkleiken av underliggaren utanfor hjørnet, det vil seie 19 mm utanfor hjørnet.

d) Kor langt utanfor standaren i hjørnet må overliggaren på venstre side av hjørnet trekkast for at han skal overlappe (dekke over) den kløyvde overliggaren frå høgre?

Løysing

Sidan overliggaren skal dekke over overliggaren til høgre, må han plasserast ei lengde lik tjukkleiken av overliggaren lengre utanfor hjørnet enn det den andre overliggaren skal plasserast, det vil seie

utanfor hjørnet.

e) Marker dei to måla frå oppgåve c) og d) på rett stad ved hjørnet på skissa du teikna i oppgåve a), slik at dei viser kor langt ut forbi hjørnet overliggarane er trekte.

Løysing

Legg merke til at ved eit slikt hjørne er det overliggaren som bestemmer inndelinga av feltet – ikkje underliggaren.

Oppgåve 11

Biletet viser eit søppelskur som er under oppføring. Skuret skal kledast med tømmermannskledning der borda har dimensjon 19 x 123 mm. Lengda på kortveggen mot fotografen er 1 374 mm.

Ved alle hjørna skal det vere overliggarar. Overliggarane på kortveggen ved begge hjørna skal trekkast ut slik at dei møter baksida av ein overliggar som kjem frå kledninga på motståande vegger.

a) Teikn ei skisse av begge hjørna som viser korleis kledninga skal leggast der. Skriv på mål som viser kor langt ut forbi hjørnet den ytste overliggaren skal trekkast.

Løysing

Begge overliggarane skal trekkast éin bordtjukkleik, det vil seie 19 mm, ut forbi hjørnet.

b) Forklar kvifor det er overliggarane nærast hjørna som blir utgangspunkt for inndelinga av kledninga på kortveggen.

Løysing

I dette feltet, som består av heile kortveggen, er plasseringa av overliggarane i hjørna bestemd – dei skal trekkast 19 mm ut frå hjørnet slik teikninga i a) viser. Resten av feltet må tilpassast dette.

c) Figuren nedanfor viser hjørna på kortveggen. Forklar kvifor det er kløyvd bort 19 mm frå dei to markerte overliggarane.

Løysing

Når det blir kløyvd bort 19 mm, vil overliggaren pluss enden av den overliggaren han er dekt av, bli like brei som ein vanleg overliggar, det vil seie 123 mm. Då blir kledninga symmetrisk rundt hjørna.

d) Berekn det justerte dekningsmålet og det justerte omlegget til kledninga til kortveggen. Vi set det ideelle omlegget til 20 mm.

Løysing

Sidan overliggarane i kvar ende skal trekkast 19 mm ut forbi hjørnet, blir den reelle lengda på feltet

Det ideelle dekningsmålet blir

Før vi reknar ut talet på dekningsmål, må vi trekke frå breidda av dei to overliggarane i enden, sidan dei er kløyvde og ikkje har den same breidda som resten av materialane. Breidda på desse er .

Som elles må vi òg trekke frå breidda av ein underliggar sidan restfeltet har éin underliggar meir enn talet på overliggarar.

Dette gir

Talet på dekningsmål blir

Vi rundar opp og får 6 dekningsmål. Då blir det totalt 7 underliggarar og 8 overliggarar inkludert dei to kløyvde i dette feltet.

Det justerte dekningsmålet blir

Det justerte omlegget blir

e) Kor langt frå hjørnet på underlaget skal den første underliggaren plasserast?

Løysing

Vi ønsker å finne avstanden u på biletet. Den finn vi ved å ta bordbreidda, som er 104 mm (sidan dette bordet er kløyvd), trekke frå 19 mm for det som stikk utanfor hjørnet, og 33 mm for omlegget.

Den første underliggaren skal plasserast 52 mm frå hjørnet. Det gjeld òg underliggaren på høgre ende av veggen.

f) Langveggen på skuret er 3 500 mm lang. Kor langt frå hjørnet skal den første underliggaren plasserast?

Løysing

Her er det lett å tru at underliggaren skal plasserast i same avstand frå hjørnet som underliggaren rett rundt hjørnet. Det gjeld berre dersom det justerte dekningsmålet er det same på begge veggene. Og det er det sikkert ikkje.

Vi hugsar på at overliggarane i enden er trekt to bordtjukkleikar, det vil seie , utanfor hjørna. Vi må rekne ut inndelinga på nytt, for det er ikkje sikkert vi får same dekningsmål her som på kortveggen, og omlegga kan derfor vere ulike.

Sidan overliggarane i kvar ende skal trekkast 38 mm ut forbi hjørnet, blir den reelle lengda på feltet

Det ideelle dekningsmålet er framleis 206 mm. På langveggen er det ingen kløyvde bord vi må ta omsyn til. Vi trekker derfor berre breidda av ein overliggar frå lengda på feltet sidan feltet startar og sluttar med ein overliggar.

Talet på dekningsmål blir

Vi rundar opp og får 17 dekningsmål. Då blir det totalt 17 underliggarar og 18 overliggarar i dette feltet.

Det justerte dekningsmålet blir

Det justerte omlegget blir

Sidan det justerte omlegget vart 12 mm kortare enn det vart på kortveggen, kan vi undersøke kva det betyr for det justerte omlegget å bruke eitt dekningsmål ekstra, det vil seie 18 dekningsmål.

Det justerte omlegget blir no

Vi kom litt nærare, men vi testar med 19 dekningsmål òg.

Det justerte omlegget blir no

Med 19 dekningsmål blir forskjellen i omlegg mellom kortveggen og langveggen berre 1 mm, så vi går for 19 dekningsmål. Vi reknar ut plasseringa u til den første underliggaren ved å gjere tilsvarande som i e), det vil seie å ta ei bordbreidde, trekke frå 38 mm som stikk utanfor hjørnet og 32 mm for omlegget, sjå skissa.

Den første underliggaren skal plasserast 53 mm frå hjørnet. Det gjeld òg underliggaren på høgre ende av veggen.

Relatert innhald

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 02/13/2025