Lønnsutrekningar – enkel bruk av celleadresser
Mange arbeidstakarar i Noreg har avtale med sine arbeidsgivarar om ei fast årslønn. Det er då ein føresetnad at det blir arbeidd eit bestemt tal arbeidstimar. Det er vanleg i Noreg med 37,5 timar per veke.
Ut frå årslønna reknar ein ut månadslønn som årslønn dividert på 12. Arbeidstakaren får lønn kvar månad ho arbeider, men ikkje når ho har ferie. Då får ho i staden feriepengar.
Det kan òg ut frå årslønna reknast ut timelønn. Då må det først reknast ut tal på arbeidstimar per år.
Eit eksempel på korleis dette blir gjort, er at 37,5 arbeidstimar per veke blir multiplisert med 52 veker per år, noko som gir 1 950 timar per år.
Talet på timar per månad blir då 1 950 timar per år dividert med 12 månader per år som er lik 162,5 timar per månad.
Eksempel
Per har ei årslønn på 564 000 kroner. Rekn med 1 950 arbeidstimar i eit arbeidsår. Finn månadslønn og timelønn.
Vi set dette opp i eit rekneark, til dømes i reknearkprogrammet Microsoft Excel eller Google Rekneark. Trykk på reknearkruta øvst til venstre, skriv Inndata og trykk "Enter". Då får vi teksten "Inndata", som vi bruker som overskrift. Vi skriv inn årslønna, talet på månader og talet på timar på tilsvarande måte. Sjå bilete 1 nedanfor. Legg merke til at tekst flyttar seg til venstre i cellene mens tal flyttar seg til høgre.
Vi skriv inn forklarande tekst i rutene i kolonne A og tala i rutene i kolonne B. Det gir eit ryddig oppsett. Alle rutene, eller tabellcellene som dei blir kalla, har kvar si adresse "kolonnenamn""radnummer". Til dømes står talet 12 i tabellcelle B3 (eller berre "celle B3"). I bilete 2 har vi markert celle B3.
Vi finn månadslønna ved å dele årslønna på talet på månader i eit år, som er 12. Dette lèt vi reknearket gjere i celle B7, sjå bilete 3. Når vi skal rekne ut noko i ei celle i eit rekneark, må vi alltid starte med å skrive eit likskapsteikn =. Symbolet for divisjon er / (skråstrek). Vi kunne ha skrive inn =564000/12 i celle B7 for å få det rette svaret for månadslønna, som er 47 000 kroner, men det er mykje smartare å bruke celleadressene til tal vi reknar med enn sjølve talet. Årslønna står i celle B2, og talet på månader står i celle B3. Derfor skriv vi følgjande reknearkformel i rute B7:
=B2/B3
og trykkjer "Enter". Vi får rett svar.
Merk:
- Dersom vi ønskjer å sjå formelen vi har skrive inn i celle B7, kan vi klikke éin gong på cella og sjå formelen i cella oppe i formellinja øvst i reknearket.
- Dersom vi ønskjer å endre på innhaldet i ei celle, kan vi anten klikke éin gong på cella og redigere innhaldet oppe i formellinja eller dobbeltklikke på cella og redigere direkte i cella.
Oppgåve
I celle B8 skal vi rekne ut timelønna. Kva blir rett reknearkformel her?
Spørsmål
Kvifor kan det vere smart å bruke celleadressene i staden for tala direkte når noko skal reknast ut?
Oppgåve
Bruk reknearket til å finne månadslønn og timelønn dersom årslønna er 612 000 kroner.
Formelvising
Vi kan sjå alle formlane i eit rekneark på éin gong dersom vi slår på formelvising i reknearket. I reknearket Excel finn du denne funksjonen under fanen "Formlar". I Google Rekneark ligg funksjonen i menyen "Vising". På biletet ser du korleis formelvisinga ser ut med reknearket frå eksempelet over.
Når du løyser oppgåver med rekneark på prøver og på skriftleg eksamen og leverer digitalt, skal du alltid ta med ein kopi av reknearket der formlane blir vist.
Rekneskapsnummerformat
For å få resultatet til å sjå betre ut i reknearket, kan vi slå på rekneskapsnummerformat. For å få til det, markerer vi dei cellene som inneheld ein pengesum og trykkjer på ein knapp på verktøyrada øvst i reknearket med eit pengesymbol på. Då blir resultatet som på biletet til høgre.
Spørsmål
Kvifor kan vi til dømes ikkje skrive rett inn "kr 564 000" for årslønna i celle B2? (Prøv gjerne!)
Filer
- Rekneark med Per si lønn(XLSX)
Innleiing
Den lønna som står i avtalepapira mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, kallar vi bruttolønn. Arbeidstakaren får ikkje utbetalt bruttolønna. Arbeidsgivar trekkjer frå skatt, som blir betalt inn til det offentlege. Vi seier at det blir gjort eit forkotstrekk av skatt.
Først når skatt og eventuelle andre frådrag (sjå nedanfor) er gjort, får arbeidstakaren utbetalt resten, som vi kallar nettolønn.
Arbeidsgivar kan òg trekkje innbetaling til pensjonssparing og fagforeiningskontingent automatisk. Når arbeidsgivar gjer dette for arbeidstakaren, skal desse summane trekkjast frå bruttolønna før forskotstrekket blir rekna ut og til slutt trekt frå.
Oppgåve
Olav har ei fast månadslønn på 40 000 kroner. Han blir trekt 27 prosent i skatt, og arbeidsgivar trekkjer 450 kroner kvar månad til fagforeininga Olav er medlem av.
Set opp eit rekneark, og rekn ut kva nettolønna til Olav blir.
Vi har laga eit inndataområde der vi skriv inn opplysningane. Som i det førre eksempelet, har vi slått på rekneskapsnummerformat på dei cellene som inneheld eit kronebeløp. (Vi har ikkje skrive «kr» inn i desse cellene.) Vi har òg unngått å skrive prosentteikn inn i cella med skattetrekksprosenten, for då kan cella automatisk få såkalla prosentformat, som kan medføre at talet vi skriv inn blir delt på 100.
I området for utrekningar hentar vi bruttolønna og fagforeiningskontingenten frå inndataområdet og trekkjer dei frå kvarandre for å finne det talet skatten skal reknast av. (Hugs at automatisk trekk av fagforeiningskontingent er skattefritt.) Så reknar vi ut skatten i celle B12 og trekkjer den frå for å finne nettolønna til slutt.
Oppgåve
Kor stor blir nettolønna til Olav om skatteprosenten blir endra til 25?
Utfordring
Kan du på ein enkel måte få reknearket til å rekne ut skilnaden i nettolønn med dei to skatteprosentane?