Overtidstillegg – reknearkkommandoen SUMMER()
Vi tenkjer oss at vi har eit rekneark der vi har celler med fast månadslønn, overtidslønn og reisegodtgjersle. (Reisegodtgjersle er attendebetaling av utlegg ein arbeidstakar har hatt i samband med reiser i jobbsamanheng.) Sjå biletet. I celle B4 ønskjer vi å finne den totale bruttolønna for denne månaden. Vi kan gjere det ved å leggje saman dei tre cellene over med formelen =B1+B2+B3
i celle B4. Alternativt kan vi bruke funksjonen SUMMER() slik:
=SUMMER(B1:B3)
Sjå det andre biletet. Formelen legg saman innhaldet av cellene frå og med celle B1 til og med celle B3. Teiknet kolon i formelen betyr at det kjem eit intervall eller eit område. Dette ser ikkje veldig mykje enklare ut enn den første formelen, men tenk om det er 50 celler som skal summerast!
Spørsmål
Vi ønskjer å summere cellene B1 til og med B50 og få resultatet i celle B51. Kva skriv vi i celle B51 då?
Ein annan ting er at reknearkprogramma ofte har ein snarveg for å få til dette. Oppskrifta er vanlegvis slik:
- Marker den cella der summen skal stå.
- Trykk på verktøyknappen for summering (ofte markert med teiknet Σ).
- Marker med musepeikaren dei cellene som skal summerast. (Ofte kjem det automatisk opp forslag med ferdigmarkerte celler.)
- Trykk "Enter" på tastaturet.
Ellinor har ei fast månadslønn på 42 175 kroner. Talet på timar per månad er 162,5. Ein månad arbeidde Ellinor 5 timar overtid med 40 prosent tillegg i timelønna og 7 timar overtid med 100 prosent tillegg i timelønna.
Oppgåve
Rekn ut samla bruttolønn for denne månaden.
Legg spesielt merke til utrekninga av overtidslønna. Her er det brukt vekstfaktor slik at overtidslønna blir funne direkte. I celle B14 skal tala i cellene B11 til og med B13 leggjast saman. Då kan vi bruke kommandoen SUMMER() i staden for å skrive inn kvar celle som skal leggjast saman. Prøv å bruke verktøyknappen for summering i reknearket når du skal lage formelen i staden for å skrive han inn manuelt.
Oppgåve
Det er no lett å finne lønn for ein annan månad ved å endre inndataa. Månaden etter arbeidde Ellinor 6 timar overtid med 40 prosent tillegg og 6 timar overtid med 100 prosent tillegg.
Finn bruttolønna hennar denne månaden.
I mange oppgåver skal du bruke rekneark. Dersom du gjer eit skikkeleg arbeid med reknearket i starten, kan du bruke det same reknearket i mange oppgåver berre ved å gjere små endringar.
Filer