Lønnsutrekningar – celleadresser og SUMMER()
Du finn eit rekneark med alle løysingane nedst på sida.
a) Torjus har ei bruttolønn på 41 000 kroner kvar månad. Han blir trekt 24 prosent i skatt. Kva blir nettolønna hans?
b) Dersom skatteprosenten blir endra til 26 prosent, kva blir nettolønna då? Bruk òg reknearket til å rekne ut kor mykje mindre nettolønna blir.
c) Kva blir brutto timelønn til Torjus når vi reknar at arbeidstida er 162,5 timar per månad?
Ine jobbar kvar laurdag i ein fiskebutikk. Ho har arbeidstid frå kl. 11.00 til kl. 18.30. Ein månad jobbar ho fire laurdagar. Ho får 50 % overtidstillegg etter kl. 17.00. Kva er bruttolønna til Ine denne månaden når timelønna er 150 kroner?
Celine har ei timelønn på 195 kroner. I mai arbeidde ho 162,5 timar. Celine har prosentkort og trekkjer 33 % skatt. Kor mykje fekk Celine utbetalt denne månaden?
Markus har ei timelønn på 175 kroner. Ein månad arbeidde han 145 timar. Markus har prosentkort og trekkjer 27 % skatt. Kva var nettolønna til Markus denne månaden?
Anne har jobb som telefonseljar tre ettermiddagar kvar veke. Arbeidstida er frå kl. 15.30 til kl. 18.30. Ho har ein avtale der ho får ei fast timelønn på 165 kroner. I tillegg får ho 15 % provisjon av salet som lønn. Anne har prosentkort og betaler 21 % skatt.
I mars hadde ho følgjande sal:
Veke, nr. | 10 | 11 | 12 | 13 |
---|---|---|---|---|
Sal, kr | 3 200 | 3 900 | 2 700 | 4 100 |
a) Finn den reelle timelønna til Anne denne månaden når vi tek med provisjonen.
b) Finn nettolønna til Anne denne månaden.
Ole arbeider på ein mekanisk verkstad. Han har ei timelønn på 245 kroner innanfor vanleg arbeidstid. Han betaler 2 prosent av bruttolønna til ei pensjonskasse og har ein trekkprosent for skatt på 36 prosent. Nedanfor ser du kor mange timar han arbeidde ein månad.
Arbeid | Tal på timar |
---|---|
Vanleg arbeidstid | 150 |
Overtid med 50 prosent tillegg | 16 |
Overtid med 100 prosent tillegg | 6 |
a) Bestem bruttolønna til Ole denne månaden.
b) Kor mykje betalte Ole til pensjonskassa denne månaden?
c) Det Ole betaler til pensjonskassa, skal han ikkje trekkjast i skatt for. Kor mykje fekk Ole utbetalt etter at skatten var trekt ifrå denne månaden?
Lars har ein jobb der arbeidstida varierer frå veke til veke. Ein månad vart arbeidstida hans slik:
Veke | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 |
---|---|---|---|---|---|
Tal på timar | 36 | 38 | 45 | 42 | 13 |
Lars har ei timelønn på 225 kroner. Han har ein trekkprosent for skatt på 28 prosent. Han betaler 650 kroner kvar månad til fagforeininga, ein sum som er skattefri.
Rekn ut nettolønna til Lars.
Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med alle løysingane.