Finn storleiken, måltalet og måleininga i desse døma.
a) Ole har målt høgda si til 185 cm.
Fasit
Storleiken er høgda, måltalet er 185, og måleininga er cm (centimeter).
b) Mathea køyrer bil i 70 km/h.
Fasit
Storleiken er farten (til bilen), måltalet er 70, og måleininga er km/h (kilometer per time).
c) I dag blæs det 12 m/s.
Fasit
Storleiken er farten (til vinden), måltalet er 12, og måleininga er m/s (meter per sekund).
d) Klokka er 14.35.
Fasit
Storleiken er klokkeslettet (eller tida). Her er det to måltal. Det eine, 14, har måleining h (timar), og det andre, 35, har måleining min (minutt).
e) Dhanushi deltek på eit 100-meterløp og bruker tida 13,23.
Fasit
Her er det eigentleg to storleikar. Den eine er strekninga ho spring, der måltalet er 100, og måleininga er m (meter). Den andre storleiken er tida, der måltalet er 13,23, og måleininga er s (sekund).
1.4.11
a) Rekn ut farten til Dhanushi i den førre oppgåva. Gjer utrekningane både med og utan GeoGebra, og ta med måleiningane i begge utrekningane.
Løysing
Vi bruker formelen for fart, som er , og får
v=100m13,23s=7,558m/s≈7,56m/s
b) Kvifor vart ikkje måleininga for farten km/h i oppgåve a)?
Løysing
Måleininga for farten vart m/s fordi strekninga var gitt i meter (m) og tida i sekund (s).
1.4.12
Du er i butikken og kjøper 5 hg smågodt og 3 store flasker cola. Smågodtet kostar 49,50 kroner til saman, og kvar flaske kostar 28,70 kroner. Finn så mange storleikar, måltal og måleiningar du kan ut frå desse opplysningane.
Tips til oppgåva
Her kan du finne storleikane pris per hg, pris per kg, literpris og mykje anna.