Hopp til innhald
Oppgåve

Måleiningar for areal

Her finn du oppgåver om måleiningar for areal.

1.4.30

a) Fyll ut tabellen under.

Arealeiningar

km2

ha

a

m2

dm2

cm2

0,002

4,3

7 600

8 500

238 000

Løysing

Vi hugsar at vi må gonge eller dele med 100 for kvar kolonne i tabellen:

Arealeiningar

km2

ha

a

m2

dm2

cm2

0,002

0,2

20

2 000

200 000

20 000 000

0,043

4,3

430

43 000

4 300 000

430 000 000

0,007 6

0,76

76

7 600

760 000

76 000 000

0,000 085

0,008 5

0,85

85

8 500

850 000

0,000 023 8

0,002 38

0,238

23,8

2 380

238 000

b) Gjer om alle måla i tabellen over til dekar (daa).

Løysing

Vi tek utgangspunkt i kolonnen med ar, sidan 1 dekar er 10 ar:

Ar til dekar

a

daa

20

2

430

43

76

7,6

0,085

0,85

23,8

2,38

1.4.31

Gjer om til passande eining, og legg saman.

a) 450 mm2 + 3,2 cm2 + 0,452 dm2

b) 3,3 m2 + 34 000 cm2 + 330 dm2

c) 32ar + 4,83ha + 5,2daa

Løysing

a)
450 mm2 +  3,2 cm2 + 0,452 dm2 =4,5 cm2 + 3,2 cm2 + 45,2 cm2=52,9 cm2

b)
3,3 m2 +  34 000 cm2 + 330 dm2 =3,3 m2 + 3,4 m2 + 3,3 m2=10,0 m2

c)
32ar +  4,83ha + 5,2daa =3,2daa + 48,3daa + 5,2daa=56,7daa


1.4.32

Vi har eit rektangel med sidekantar på 4 cm og 2,5 cm. Rekn ut arealet til rektangelet, og vis at måleininga til arealet blir cm2.

Løysing

Vi har at arealet av eit rektangel er lengde multiplisert med breidde.

Utrekning for hand:

A = l·b= 4 cm· 2,5 cm= 10 cm·cm= 10 cm2

Her reknar vi ut cm·cm til cm2 på same måte som vi kan skrive 3·3=32.

Med GeoGebra får vi

1.4.33

Gjer utrekningane, og vel eit passande tal på gjeldande siffer.

a) Finn arealet av eit rektangel med sidene 4,5 cm og 7,5 cm.

Løysing

4,5 cm · 7,5 cm=33,75 cm234 cm2

b) Finn arealet av kvadrat med sidelengde 35 mm.

Løysing

35 mm2=1225 mm2

Her vil vi få 4 gjeldande siffer uansett så lenge vi held oss til mm2, men vi kan gjere om til cm2 og runde av:

1225 mm2=12,25 cm212 cm2

c) Finn arealet av eit rektangel med sidene 45 dm og 2 m.

Løysing

45 dm·2 m=4,5 m·2 m=9,0 m2

Her bruker vi to gjeldande siffer sjølv om den eine sida berre har eitt.