Kor mange brusflasker får du for 200 kroner når kvar flaske kostar 35 kroner? Denne og liknande oppgåver kan du arbeide med på denne sida.
Oppgåve 1
Å ta bussen kostar 39 kroner per tur.
a) Kor mykje kostar det å ta 6 turar med bussen?
Løysing
6 turar kostar .
b) Kor mykje kostar det å ta 11 turar?
Løysing
11 turar kostar 39kr·11=429kr.
c) Kor mykje pengar har du igjen dersom du har 500 kroner og tek 8 turar med bussen?
Løysing
8 turar med bussen kostar 39kr·8=312kr.
Då har du igjen 500kr-312kr=188kr.
d) Kor mykje pengar har du igjen dersom du har 800 kroner og tek 13 turar med bussen?
Løysing
13 turar med bussen kostar 39kr·13=507kr.
Då har du igjen 800kr-507kr=293kr.
e) Kor mange turar kan du ta for 500 kroner, og kor mykje pengar har du igjen etter å ha teke desse turane?
Løysing
Du må finne ut kva tal vi skal gonge 39 med for at du skal få 500. Då gjer du det motsette og deler 500 på 39.
500kr39kr/tur=12,8turar
Sidan du berre kan ta eit heilt tal på turar, kan du ta 12 enkeltturar med bussen for 500 kroner.
Så må du rekne ut kor mykje 12 enkeltturar kostar, og trekke dette frå 500 kroner. Dersom du tek dette i éi utrekning, får du
500kr-39kr·12=32kr
Du kan ta 12 turar med bussen for 500 kroner, og då har du igjen 32 kroner.
f) Kor mange turar kan du ta for 800 kroner, og kor mykje har du igjen etter å ha teke desse turane?
Løysing
Du gjer tilsvarande som i oppgåve e): Du må finne ut kva tal du skal gonge 39 med for at vi skal få 800.
800kr39kr/tur=20,5turar
Du kan ta 20 enkeltturar med bussen for 800 kroner.
Så må du rekne ut kor mykje 20 enkeltturar kostar, og trekke dette frå 800 kroner. Dersom du tek dette i éi utrekning, får du
800kr-39kr·20=20kr
Du kan ta 20 turar med bussen for 800 kroner, og då har du igjen 20 kroner.
Oppgåve 2
a) Lena fyller vanlegvis tanken på mopeden sin for 130 kroner kvar gong. Kor mange gonger kan ho fylle tanken for 1 000 kroner?
Løysing
Lena må finne ut kva tal ho skal gonge 130 med for å få 1 000 kr.
1000kr130kr/gong=7,7gonger
Ho kan fylle tanken 7 gonger. Vi kan òg seie at ho kan fylle tanken 8 gonger, men den siste gongen kan ho ikkje fylle for 130 kroner, men noko mindre.
b) Kor mykje kan Lena fylle tanken for den siste gongen?
Løysing
Vi må rekne ut prisen for 7 tankfyllingar til 130 kr/gong for å sjå kor mykje pengar som er igjen etter det.
130kr/gong·7gonger=910kr
1000kr-910kr=90kr
Lena kan fylle for 90 kr den åttande og siste gongen.
Oppgåve 3
a) Ein tomme svarer til 2,54 cm. Kor mange tommar går det på ein meter?
Løysing
Først må vi gjere om 1 m til 100 cm. Så må vi finne ut kva tal vi må multiplisere 2,54 med for å få 100. Då deler vi tala på kvarandre.
100cm2,54cm/tomme=39,4tommar
Det går 39,4 tommar på ein meter. (Legg merke til at her skal vi ta med desimalar sidan vi ikkje kan tolke oppgåva til å spørje om talet på heile tommar.)
b) Du skal fylle ein liten vasstank som har volum på 8 L. Du har berre eit desilitermål på 5 dL å fylle med. Kor mange gonger må du fylle dette desilitermålet for å fylle tanken?
Løysing
Først må vi anten gjere om 8 L til dL eller 5 dL til liter. Vi vel det første:
8L=80dL
Så deler vi tala på kvarandre.
80dL5dL/gong=16gonger
Du må fylle desilitermålet 16 gonger for å fylle vasstanken.
c) Ole strikkar genserar. Det går vanlegvis omtrent 10 garnnøste per genser. Han har 44 garnnøste på lager. Kor mange genserar blir det av det?
Løysing
44garnøste10garnnøste/genser=4,4genserar
Det blir 4 genserar av 44 garnnøste.
d) Chris trener på friidrettsbanen. Hen spring med ein fart på 5 m/s. Kor lang tid bruker hen på ein runde? Ein friidrettsbane er 400 m lang inst.
Løysing
Når farten er 5 m/s, spring hen 5 m kvart sekund. Vi må då finne ut kva vi skal multiplisere 5 med for å få 400.
400m5m/s=80s=1min20s
Chris bruker 1 minutt og 20 sekund på ein runde.
e) Lag ei oppgåve sjølv tilsvarande dei andre oppgåvene. Oppgåva skal dreie seg om bøker som skal setjast i ei bokhylle. Bokhylla er 80 cm brei, og kvar bok er 1,5 cm tjukk. Kva er det som er aktuelt å rekne ut her? Skriv først den oppgåveteksten som ber deg om å rekne ut akkurat dette, og løys oppgåva.
Løysing
Her må du klare deg utan løysingsforslag. Svaret på oppgåva skal vere 53 bøker.
f) Ein tilhengar kan ta ein nyttelast på 1 500 kg. Mathias skal bruke tilhengaren og frakte 50 betongelement som kvar veg 105 kg. Kor mange turar må Mathias ta?
Tips til oppgåva
Finn først ut kor mange betongelement tilhengaren kan ta.
Løysing
Først må Mathias finne ut kor mange betongelement tilhengaren kan ta. Då må han finne kva vi skal multiplisere 105 kg per element med for at det skal bli 1 500 kg.
1500kg105kg/element=14,3element
Mathias kan køyre 14 element per tur på det meste. (Vi går ut frå at vi ikkje kan dele elementa.)
Han har 50 element og kan køyre 14 av dei per gong. For å finne ut kor mange gonger han må køyre, må han finne ut kva han må multiplisere 14 med for at det skal bli 50.
50element14element/tur=3,6turar
Det betyr at Mathias må køyre 4 turar for å få frakta alle betongelementa.