Forhold
Eit kart har målestokken 1 : 100 000.
a) Kor mange meter svarer 1 cm på kartet til i verkelegheita?
b) Kor mange km er 8 cm på kartet i verkelegheita?
Ei husteikning har målestokk 1 : 50.
a) Kor mange meter svarer 5 cm på teikninga til i verkelegheita?
b) Kor mange cm på teikninga er 10 meter i verkelegheita?
Ein euro kostar 7,279 norske kroner.
a) Kor mange euro får du for 500 norske kroner (NOK)?
b) Kor mange kroner (NOK) får du for 75 euro?
Hundre svenske kroner (SEK) kostar 84,9 norske kroner (NOK).
a) Kor mange SEK får du for 500 NOK?
b) Kor mange NOK får du for 450 SEK?
Vi skal blande saft og vatn. På saftflaska står det oppgitt at blandingsforholdet er 1 : 4. Det vil seie at for kvar del rein saft skal vi ha 4 delar vatn.
Kor mykje rein saft treng vi for å lage 2 L saftblanding?
Betong er ei blanding av sand/grus, sement og vatn. Denne blandinga blir herda under tørking og blir hard og sterk.
a) Til ein type betongarbeid får du opplyst at du skal blande sement og sand i forholdet 1 : 4. Forklar kva det betyr.
b) Til ein annan type betongarbeid får du opplyst at du skal blande sement og sand i forholdet 2 : 7. Forklar kva det betyr.
c) I kva for ei av blandingene i a) og b) blir det brukt mest sement i forhold til sand?
I eit kjemiforsøk skal du blande 0,01 liter av eit kjemisk stoff med 0,5 liter vatn.
a) Finn forholdet mellom det kjemiske stoffet og vatn.
b) Kor mange milliliter (mL) kjemisk stoff treng du dersom du skal ha ei ferdig blanding på 2,4 liter?
I eit kommunestyre er det 15 kvinner og 25 menn. Kva er forholdet mellom kvinner og menn i kommunestyret?
La oss seie at personen på biletet er 5 cm høg, og at bygningen på bildet er 10,5 cm høg. Vi veit at bygningen i verkelegheita er 3,80 m høg.
Kor høg er personen i verkelegheita?
Kva kan du om forhold?
Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.