Digital og innovativ journalistikk
Tenk over
Korleis har digital medieutvikling påverka journalistikken?
Teknologi og digital medieutvikling har fått store konsekvensar for journalisten. Forskningsbasert kunnskap, innovasjon og nyutvikling er viktig i norske mediehus. Nye medium og digital teknologi har fått konsekvensar for korleis journalistikken blir produsert, publisert og brukt. Mobiltelefonen har til dømes blitt eit viktig verktøy til både å formidle, skape og konsumere journalistisk innhald.
Journalisten må i dag meistre ny teknologi og ulike digitale verktøy for å kunne vende seg til publikum på nye måtar. Ein digital journalist må vite korleis algoritmar fungerer, og kva verkemiddel og visuelle effektar som skaper interesse.
Det blir stadig utvikla nye format og kanalar for å oppdatere publikum på siste nytt. Mange norske medium har dei siste åra teke i bruk Snapchat som kanal for å treffe yngre målgrupper med journalistisk innhald. Dette er eit døme på innovativ nyheitsformidling som tek i bruk nye digitale sjangrar.
Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forbetre og forenkle. Digitalisering beskriv ein overgang frå analoge, mekaniske og papirbaserte løysingar til elektroniske og digitale løysingar. Som til dømes overgang frå papiraviser til nettaviser.
Medium som har digital teknologi som ein grunnleggjande føresetnad, blir ofte omtalte som nye medium, til dømes nettaviser. Her blir journalistiske saker overførte og lagra i digital form.
Digitaliseringa av medieteknologien har endra kommunikasjons- og informasjonsprosessane i dei redaksjonelle media. Nettaviser, og andre nye medium, har blir meir interaktive – kommunikasjonen mellom avsendar og mottakar har blitt viktigare.
Der massemedia før stort sett hadde intensjonar om einvegskommunikasjon, har det no blitt viktigare med innslag av dialog mellom avsendar og mottakar, altså tovegskommunikasjon.
Publikum deltek, i mykje større grad enn tidlegare, i aktiv dialog rundt redaksjonelt innhald. Redaksjonane får informasjon om sakene treffer eller ei, og journalistikken kan tilpassast publikum. Tovegskommunikasjon gir mottakarane høve til å stille avklarande spørsmål eller på andre måtar reagere på det dei ser og høyrer. Mottakarane er ikkje lenger berre passive, og redaksjonane inviterer meir og meir til dialog.
Tovegskommunikasjon inneber ei demokratisering av massekommunikasjonen på den måten at mottakarane har høve til å korrigere og utfylle informasjonen som blir gitt.
Kunstig intelligens vil utan tvil påverke journalistikken i åra som kjem. Robotjournalistar er allereie mykje brukte, blant anna til å automatisere den meir rutinebaserte journalistikken. I Bergens Tidende lagar til dømes robotar no saker om eigedomssal.
Teknologien skaper uendelege moglegheiter. Gjennom den virtuelle verda kan ein journalist fortelje historier på ein heilt ny måte. Virtuelle TV-studio kan tilpasse og endre bakgrunn. Det gir til dømes moglegheiter for at ein nyheitsreporter kan vere virtuelt til stades på eit ulykkesområde kort tid etter at ei ulykke har skjedd.
I framtida vil du kanskje kunne ta på deg VR-briller og føle at du er til stades der viktige hendingar skjer.
Sjølv om mediebransjen og journalistrolla er i stadig endring, er det nokre særtrekk som står fast. Objektivitet, kjeldekritikk og etikk er like viktig no som før. Samfunnsoppdraget til media har heller ikkje endra seg, og nyheitsmedia har framleis ei sentral rolle i samfunnet.
Pressa har framleis som oppgåve å formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta bevisste val. Media skal halde fram med å tale enkeltmennesket si sak mot autoritetane og avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos myndigheitene.