Oppgåve
Konsekvensar av djupfeikar
Djupfeikar (deepfakes) bruker kunstig intelligens for å manipulere og endre på video- og lydmateriale. Korleis kan dette brukast til å påverke deg og vennene dine? I denne oppgåva skal du sjå nærare på denne teknologien.
Djupfeikar bruker innovativ teknologi, som kunstig intelligens, for å manipulere og endre på video- og lydmateriale. Dette kan få konsekvensar både for deg som enkeltindivid og for demokratiet vårt. Sjå videoen frå Medietilsynet:
- Kva konsekvensar kan djupfeikar få for deg som enkeltindivid?
- Kva konsekvensar kan djupfeikar få for demokratiet vårt?
- Korleis kan ein avsløre djupfeikar?
- Korleis trur de djupfeik-teknologien vil utvikle seg i framtida?