Framtidshistoria er av gode grunnen ikkje skriven. Men det er det du skal gjere no. Tenk deg at året er 2030, og skriv eit blogginnlegg om norsk mediehistorie i perioden 2020–2030.
Førearbeid
Start med ei idémyldring, gjerne i grupper:
Korleis ser medielandskapet i Noreg ut i 2030?
- Kva har skjedd på teknologifronten dei siste ti åra?
- Kva medium eksisterer, og kva er vortne borte?
- Korleis pregar den globale mediestrukturen norsk verkelegheit?
- Kva slags styresett har vi i Noreg i 2030?
- Og korleis påverkar dette lovverket når det gjeld ytringsfridom, trykkjefridom og mediemangfald?
- Kva rolle speler media i samfunnsdebatten?
Skrivearbeid
Deretter skriv du eit blogginnlegg på ca. 600 ord med tittelen: Norsk mediehistorie i perioden 2020–2030.
Etterarbeid og vurdering
Be om tilbakemelding frå ein medelev på teksten din.
- Er det noko som manglar?
- Er det noko som er uklart?
- Har du brukt viktige omgrep på rett måte?
Juster gjerne teksten i tråd med dei innspela du får.
Deretter ber du læraren din om å vurdere teksten ut frå faglege kriterium.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018