Introduksjon
CC BY-SA 4.0
Gjer deg kjend med korleis algoritmar bidreg til å skreddarsy informasjonen du får gjennom media, og korleis kunstig intelligens kan brukast og misbrukast. Målet er at du skal bli ein medviten mediebrukar.
Når du har jobba med denne læringstien, skal du
- vite kva kunstig intelligens er, og korleis algoritmar fungerer
- vere meir medviten på korleis enkeltpersonar og samfunn blir påverka av skreddarsydd informasjon i sosiale medium
- kunne drøfte bruk av kunstig intelligens på ulike område i samfunnet med godt grunngitte argument