Hopp til innhald
Oppgåve

Visualisering av datasett

Diskuter statistiske framstillingar, test ut visualisering av data og diskuter kvifor kompetanse på å lese talgrafikk er sentral for å utøve god kjeldekritikk.

1 Diskuter visuell framstilling av statistikk

Les følgjande sak:

Artikkelen "Venstre dempet skrytegrafen om klimakutt etter massiv kritikk" på nrk.no

  • Diskuter framstillinga av taldata i dei to grafane med ein medelev. Kva er rett og kva er gale med kvar av dei? Kvifor har den eine av grafane fått så mykje kritikk?
  • Kva tenkjer de er det viktigaste som kjem fram i nyheitsartikkelen?

2 Undersøk visualiseringar

Undersøk ulike visualiseringar gjorde i verktøyet Flourish av datasettet Norsk mediebarometer 1990–2018 fra SSB.

Plukk ut og svar på nokre av spørsmåla nedanfor:

  1. Forklar kva X- og Y-aksar står for – for kvar visualisering.
  2. Vurder om visualiseringane viser kjeldedatasettet på ein god måte. Her er lenkje til datasettet: datasettet Norsk mediebarometer 1990-2018 fra SSB.
  3. Korleis tenkjer de at det er mogleg å visualisere mediebruksutviklinga meir presist enn i døma over?
  4. Dersom du vil vise at trykte medium blir mindre brukt, korleis kan du vise det med grafar?
  5. Kva for framstilling fortel oss mest om den totale bruken av medium?
  6. Nokre av grafane er relativt flate, kva kan det skyldast?
  7. Les folk mindre nyheiter no enn i 2011?
  8. Et internettbruken av andre medium, eller kjem den på toppen av det andre?

3 Lek deg med visualisering

Bruk “Duplicate and edit” på ein av grafane, vel 'Data' og gjer endringar i visingsvala. Du kan også fjerne delar av datasettet.

  • Vel deg eit fokus, til dømes kan du velje bort mediebruken det skjer minst med frå 1990–2018.
  • Eventuelt – korleis kan du synleggjere på ein tydelegare måte aukinga i bruk av internett samanlikna med dei andre media?
  • Klarer de å få visualiseringane til å bløffe eller vise noko på feil måte?

4 Set deg inn i kva talgrafikk er og vurder ulike døme

  1. I denne artikkelen på tallgrafikk.no får du vite kva talgrafikk og datavisualisering er. Oppsummer det du får vite her gjennom å formulere tre setningar med eigne ord.
  2. Gå inn og undersøk desse eksempla på datavisualisering på nettsidene til Tallgrafikk. Bli enige med ein medelev om kva for nokre av døma som formidlar eit datasett best.

5 Diskuter

Korleis og kvifor er kompetanse på datavisualisering sentral i kjeldekritikk og kritisk mediekompetanse?

  • Kva bør de sjå etter når de får presentert grafar og statistikk?
  • Finst det typiske måtar data blir vist feil på?
  • Korleis kan de raskt sjå om nokon prøver å bløffe eller vise noko anna enn det tala fortel?