Diagram - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Diagram

Det er lettare å forstå talverdiar når dei blir framstilte visuelt. Reknearkprogramma har innebygde vegvisarar som gjer det enkelt å lage ulike typar diagram. Det er viktig å velje ein diagramtype som gjer at tala blir enklast mogleg å forstå.

Ulike typar diagram

I reknearkprogrammet finst det mange ulike diagramtypar å velje mellom, men ikkje alle eignar seg like godt til å vise alle typar data. Du må derfor tenkje gjennom kva diagramtype som presenterer dataa dine på den mest oversiktlege måten, ikkje berre ta eit diagram som du synest ser fint ut.

Dei tre vanlegaste diagramtypane er stolpediagram, linjediagram og sektordiagram.

Stolpediagrammet eignar seg best når du skal vise verdiar som kan samanliknast direkte.



Linjediagrammet er best eigna til å vise trendar over tid, eller mange verdiar samla. Skal du til dømes vise korleis temperaturen har utvikla seg kvar dag gjennom eit heilt år, blir det altfor mange stolpar om du vel eit stolpediagram. Eit linjediagram, derimot, viser tydeleg utviklinga i temperaturen.



Sektordiagrammet kan berre brukast til å vise eitt sett data, men det fungerer bra når du vil vise kor stor del kvart av enkeltelementa utgjer av heilskapen.



Det finst òg andre diagram, til dømes overflatediagram, boblediagram og radardiagram. Dei blir brukte til å framstille visse typar data grafisk. Du kan eksperimentere med dei ulike diagramtypane for å sjå korleis dei ser ut, men ver forsiktig med å bruke spesielle diagramtypar til å vise vanlege data i eit rekneark.

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017