Video: Bløff med statistikk - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Video: Bløff med statistikk

Statistikk hjelper oss å forstå verda, men han kan òg lure oss trill rundt.

Sjå videoen og svar på spørsmåla under.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
  1. Kvifor treng vi statistikk? Gi døme på tre ting du tenkjer at det er viktig at vi har statistikk på. Grunngi svaret.
  2. Forklar med eigne ord tre ulike måtar ein kan jukse med statistikk på. Bruk gjerne eigne døme.
  3. Lag ei liste over dei 3–5 viktigaste tinga du må tenkje på eller sjå etter når du skal vurdere ei framstilling av statistikk.
Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020