Slik lagar du ei medieundersøking - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik lagar du ei medieundersøking

Før de startar med planlegginga, er det nokre viktige spørsmål de bør ta stilling til. Her kan spørjeorda kva, kven, kvar, korleis og kvifor vere til hjelp.

Problemstilling

Når de skal gjennomføre ei medieundersøking, er det viktig at de har klart for dykk kva de ønskjer å finne ut noko om. Det første de må gjere, er derfor å utforme ei konkret, presis og spissa problemstilling. Forsøk å formulere denne problemstillinga i éi setning.

Er det den generelle bruken av ulike medium de ønskjer svar om, eller er det til dømes berre bruken av sosiale medium? Ønskjer de å registrere kor mykje tid folk bruker, kva innhald dei bruker, eller er de på jakt etter kvifor informantane bruker media?

Det er viktig at problemstillinga er forskbar, det vil seie at ho må vere mogleg å undersøkje i praksis. Det er òg viktig å avgrense problemstillinga slik at de får tid og høve til å behandle svara for å finne det de ønskjer, i løpet av den tida de har til rådvelde.

Kven skal svare?

  • Kven ønskjer de at skal svare på undersøkinga?
  • Kor mange ønskjer de at skal svare på undersøkinga?
  • Dersom ikkje alle som tilhøyrer ei gruppe (til dømes ungdom), skal svare, må de gjere eit utval. Korleis vil de sikre dykk at de har gjort eit ?
  • Kor mange informantar må svare for at det skal vere sannsynleg at svara speglar det alle i gruppa meiner?
  • Korleis skal de kome i kontakt med dei som skal svare?

Det kan vere lurt å avgrense undersøkinga til medievanar blant ungdom og til elevar i klassen eller på skulen. Skal de seie noko om medievanane til norske ungdommar generelt, krev det eit mykje større utval av informantar og ikkje minst meir tid til å behandle alle svara.

Spørsmål

  • Kva spørsmål kan gi dykk svar på problemstillinga?
  • Korleis må de formulere spørsmåla for å sikre at alle forstår kva dei skal svare på, og at de får eintydige svar?
  • Kva for nokre personlege data treng de? (t.d. kjønn og alder)
  • Kor mange spørsmål skal undersøkinga bestå av? (maks 10)

Undersøkingsverktøy

Dersom de vel at utvalet skal svare på nettet, finst det fleire verktøy de kan bruke:

Verktøy lista over har gratisversjonar, men du må kanskje ha pålogging for å ta dei i bruk.

Ver merksam på at tenester med innlogging kan samle data om brukarane sine.

Behandle, analysere og presentere

Til slutt står det att å tenkje gjennom korleis de skal behandle, analysere og presentere dataa de har fått samla inn.

  • Korleis vil de gå fram for å systematisere og analysere dataa?
  • Kva fortel dataa de har samla inn, om problemstillinga?
  • Kva fortel dei ikkje noko om?
  • Kva er hovudtrenden i svara de har fått?
  • Er det forskjell i svara de har fått frå ulike grupper, til dømes jenter og gutar? Kva går skilnadene i så fall ut på?
  • Korleis tolkar de dataa i lys av det de frå før veit om mediebruk i ulike grupper?

Til fordjuping

Dersom du har lyst til å lære meir om dette temaet, kan du setje deg inn i korleis profesjonelle aktørar gjennomfører medieundersøkingar. Du kan òg fordjupe deg i fagartiklar i Verktøykassa her på NDLA:

Relatert innhald

Fagstoff
Medieundersøkingar

Kva er ei medieundersøking, kven gjennomfører medieundersøkingar og korleis blir medieundersøkingar gjennomførte?

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022