Hopp til innhald
Fagartikkel

Problemet med gjennomsnittet

Ein forskar undersøkjer kor mange snappar ungdom får mellom klokka 18.00 og 19.00. To gutar får fire snappar kvar, ei jente får ein. Snittet blir tre. Gjennomsnittet er midtpunktet for dei innsamla tala. Spreiing seier noko om kor langt unna tala ligg midtpunktet.

Når vi arbeider med og les statistikkar, er det viktig å vite at eit gjennomsnitt berre er eit gjennomsnitt. Nokre gonger er eit gjennomsnitt veldig nær den faktiske sanninga, mens i andre tilfelle er det større avstand til sanninga.


Både i illustrasjonsbiletet og i ingressen er snittet tre. Kva for eit av dei to gjennomsnitta er nærmast sanninga, tenkjer du?

Spreiing

Omgrepet spreiing brukar vi om avstanden mellom tal det blir laga eit gjennomsnitt av. Avstanden mellom tal er ikkje synleg dersom vi berre snakkar om gjennomsnittet.

Når du les og lagar statistiske tabellar og grafar, må du hugse at tala som ligg bak gjennomsnittet kan vere så spreidd at dei ikkje ligg tett opp til gjennomsnittet.

Mens gjennomsnittet seier noko om midtpunktet til tala, seier spreiing noko om kor langt unna tala ligg frå midtpunktet.

Når gjennomsnittet gir feil inntrykk

Nedanfor ser du to døme på moglege resultat frå ei undersøking om bruk av Snapchat.

Det første dømet svarar til følgjande beskriving:

Norsk ungdom bruker Snapchat i gjennomsnitt 6-11 gonger kvar dag. Vi forstår at nokon brukar Snapchat litt meir og nokon litt mindre enn dette, men de fleste brukar appen mellom 6 og 11 gonger kvar dag.


Snapchat-bruk.......(totalt 20)

Ein gong kvar dag..................0
2-5 gonger om dagen............5
6-11 gonger om dagen.........10
12-15 gonger om dagen........5
16 gonger eller meir...............0


Her ser du heilt tydeleg at tala er samla rundt midtpunktet, altså 6-11 gonger om dagen, og det er få og små variasjonar frå dette midtpunktet. Gjennomsnittet (6-11 gonger om dagen) gir altså eit godt bilete på kva ein har funne ut i undersøkinga.

Men kva om resultata ser annleis ut?

Her er det andre dømet:

Midtpunktet er framleis 6-11 gonger om dagen, men gjennomsnittet gir likevel ikkje eit riktig bilete av det undersøkinga har funne ut.


Snapchat-bruk.......(totalt 20)

Ein gong kvar dag..................9
2-5 gonger om dagen............0
6-11 gonger om dagen..........2
12-15 gonger om dagen........0
16 gonger eller meir................9


Samanlikna med det første dømet ser vi tal som viser at fleire ungdommar brukar Snapchat mykje eller mindre. Men gjennomsnittet er det same som i det første dømet.

I begge døma er altså gjennomsnittet det same. Men i døme to er gjennomsnittet eit dårleg mål på ungdom sin Snapchat-bruk. Det fortel oss ikkje noko som gjeld for ungdommar flest.

Vi treng derfor å måle spreiing på tal, i tillegg til gjennomsnittet, dersom tal frå ei undersøking skal kunne brukast fornuftig.

Utrekning av spreiing i eit gjennomsnitt, kallar vi for standardavvik.

Standardavvik

Spreiinga blir konkret og synleg dersom du reknar ut standardavviket. Når vi reknar ut standardavviket, får vi eit mål på kor mykje tala gjennomsnittleg sett skil seg frå gjennomsnittstalet.

I døma om Snapchat-bruk fortel eit standardavvik oss i kor stor grad ungdommer sin bruk stemmer overeins med gjennomsnittet på tala frå undersøkinga.

For første eksempelet vil standardavviket vere lågt, og for det andre vil standardavviket vere høgt. Gjennomsnittet i det første dømet seier altså meir om ungdommane sin bruk av Snapchat enn gjennomsnittet i det andre dømet.

Relatert innhald

Fagstoff
Spreiingsmål

Her definerer vi kva vi meiner med spreiing i eit datamateriale, og vi ser på spreiingsmåla variasjonsbreidde, kvartilbreidde og standardavvik.