Hopp til innhald

Fagstoff

Segmentering og målgrupper

Vi er alle ulike, og det er sjeldan at ei verksemd klarer å utforme eit produkt som alle liker. Kva er segmentering, og kvifor er det viktig for verksemder å segmentere og velje målgruppe?
Ulike personar delte inn i grupper, ei gruppe med berre menn i er utheva med grøn farge. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Segmentering betyr at vi deler opp ein heilskap i delar. Ved å segmentere kan vi skilje mellom ulike typar kjøparar i marknaden og dele dei inn i grupper, ut frå visse fellestrekk. Det finst mange måtar å segmentere marknader på, som til dømes kjønn, alder, bustad og interesser.

Etter at vi har delt inn i ulike segment, følgjer arbeidet med å velje ut attraktive og lønsame segment, såkalla målgruppeval. Utvalde segment blir kalla målgrupper. Ei målgruppe er ei gruppe personar som ei verksemd vender seg til med produkta, serviceytingane eller bodskapane sine. Ei verksemd kan ha ei eller fleire målgrupper.

Tenk deg ei bedrift som sel snøbrett. For denne bedrifta gjeld det å finne og kommunisere med dei som kan vere interesserte i snøbrett. Det kan vere vanskeleg å tilpasse kommunikasjonen heilt ned på individnivå, men det er mogleg å finne fellestrekk i mindre grupper. Ein pensjonist vil mest sannsynleg ikkje vere interessert i snøbrett.

Å segmentere ein marknad

Ein definisjon av ein marknad kan vere ein stad der kjøparar og seljarar møtest. Tenk deg ein yrande marknadsplass full av menneske, fargeglade salsbuer og seljarar som tilbyr varene sine. Marknadsplassen kan illustrere det mangfaldet som finst i marknaden.

På marknadsplassen går ulike typar potensielle kjøparar. Dei ser ulike ut, er i ulike aldrar, går ulikt kledd og har ulike erfaringar, interesser og kunnskapar. Ein seljar på ein slik marknad vil vende seg til dei kjøparane som kan tenkje seg å setje pris på dei produkta denne seljaren har å tilby.

Ein seljar på ein marknad sel grønsaker til ein kjøpar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Segmentering er som sagt å skilje mellom ulike typar kjøparar i marknaden og dele dei inn i grupper, ut frå visse fellestrekk. Marknaden for fritidsreiser kan til dømes delast inn i segment ut frå alder og inntekt. Ungdom og pensjonistar vel ofte ulike fritidsreiser. Inntekta vår kan påverke kor lang fritidsreise vi tek, kor langt vi reiser, og kor dyrt vi bur og et.


Tenk over!

Kvifor er det så viktig for verksemder å vite kven dei skal vende seg til, trur du?

Kvifor segmentere?

Når marknaden er segmentert, er det lettare for ei verksemd å finne ut kva målgruppe eller målgrupper eit produkt passar til. Verksemda kan deretter utforme meir relevante bodskapar for å nå den aktuelle målgruppa.

Ved å segmentere marknaden kan verksemder ta omsyn til at det er ulike behov, ønske og preferansar i marknaden. I tillegg kan segmenteringa skape ei inndeling som kan gjere det mogleg å identifisere og vende merksemda mot dei mest lønsame målgruppene på ein meir effektiv måte.

Verksemder kan ofte spare ressursar ved å vektleggje segmentering og målgruppeval. Dei slepp då å vende seg til dei som er uinteresserte, eller som truleg ikkje vil bli fornøgde med det verksemda har å tilby.

Ein sølvgrå bil av merket Ferrari som står utstilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon og segmentering