Oppgåve
Youtubarar og målgrupper
Trur du youtubarar kan vise veg for målgruppetenking? Sjå dette videoklippet der fire youtubarar fortel om korleis dei tenkjer rundt målgrupper.
- Kva er essensen eller kjernen i det Kim, Beatriz, Victor og Truls seier om målgruppetenkinga si?
- Gjer greie for forskjellar og likskapar i kva slags tilnærming dei ulike youtubarane har for å nå ut til målgruppa si.
- Trur du at ein del verksemder kan ha noko å lære av målgruppetenkinga til youtubarane? På kva måte, i så fall?