Oppgåve
Vurder målgrupperetting
Bruk nokre minutt på å sjå på kvart av desse fire medieprodukta. Gå saman i grupper med tre–fire elevar og diskuter spørsmåla.
A: Les eit blogginnlegg på Funkygine sin blogg:
- Kva er målgruppa til Funkygine?
- Korleis tek ho omsyn til målgruppa når ho utformar bodskapen sin, tenker du?
- Synest du at bloggarar bør ta eit ansvar når det gjeld kva bodskap dei formidlar til kva målgruppe?
- Bør bloggarar ha større medvit om forskjellen på mottakarar og målgrupper?
B. Sjå dette klippet frå Skam, NRKs dramaserie for ungdom: Skam: Trussel
- Kven er målgruppa for denne serien?
- Kva er bodskapen i denne episoden?
- Skam er eit eksempel på eit medieprodukt som fekk eit mykje større publikum enn først planlagt. Kva er årsakene til det, trur de?
C. Sjå på denne reklameplakaten: Plakat for Playstation
- Kva er bodskapet i denne reklamen?
- Kva for kunnskap må ein ha for å forstå bodskapen i denne reklamen?
- Kor godt synest du bodskap og målgruppe heng saman?
- Kor ville du ha plassert denne reklamen for at han skal treffe målgruppa?
D. Sjå denne informasjonsfilmen: Alfred & Skyggen – En liten film om følelser
- Kven er den eigentlege sendaren i denne filmen?
- Kven er i primærmålgruppa, trur du?
- Kor måtte du leite for å finne svar på dei to første spørsmåla?
- Er dette ein film som treffer ei smal eller ei brei målgruppe? Grunngi svaret.