Burger King og målgrupper
Tenk over
Korleis trur du Burger King jobbar med segmentering og målgruppeval?
Ungdom bruker mykje tid på mobiltelefonen, og sosiale medium er ei viktig plattform. Men korleis kan Burger King unngå berre å bli sveipt forbi? Dette ønskte Burger King å finne ut av, og dei ønskte å lage meir relevant innhald for unge målgrupper og marknadskommunikasjon på premissane til dei unge.
I filmsnutten nedanfor kan du sjå korleis det vart laga korte introduksjonar som var tilpassa dei programma som målgruppa ofte ser på, som til dømes VGTV, og som gav verdi til målgruppa. Målet var at Burger King skulle vere ein del av sjåaropplevinga. Bodskapen vart òg tilpassa i andre kanalar, og det vart utvikla dynamiske banner som automatisk vart tilpassa det miljøet dei skulle stå i.
Burger King er utfordraren i hamburgarmarknaden. Dei har ein strategi som handlar om å sikre kommunikasjon som skil seg ut og engasjerer. I 2019 ønskte dei å gjere Burger King til ein snakkis i samband med 17. mai.
På 17. mai blir det seld store mengder pølser. Men korleis kunne ein utfordre pølsesalet på 17. mai? Korleis kunne Burger King fremje Whopper-en på ein naturleg måte under ei norsk høgtid?
Burger King engasjerte eit mediebyrå ved namn Starcom til å hjelpe dei i dette arbeidet.
For mange nordmenn er bunaden sjølve symbolet på 17. mai og nasjonalkjensla. Starcom og Burger King ønskte å ta del i dette, og dei designa ei eiga bunadsveske med plass til ein Whopper.
Dei inngjekk samarbeid med mote- og livsstilsmagasin og influensarar for å sikre at «alle» skulle få med seg kva som var årets heitaste 17. mai-tilbehøyr. Eit eige gjer-det-sjølv-sett vart laga og distribuert ut i restaurantane og til nokre ambassadørar.
Strikking og handverk er for alvor tilbake i vinden, og oppskrifter for å lage etterlikningar av dyre moteplagg florerer på internett. Starcom og Burger King ønskte å byggje opp under trenden ved å oppmode nordmenn til å «whopper-hacke» si eiga bunadsveske. Her er reklamefilmen:
Dei hyra òg inn to eldre syersker, som laga ein video på YouTube om korleis du sjølv kunne «hacke» di eiga bunadsveske.