Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Eigenskapar til hydrogenperoksid

Hydrogenperoksid er eit stoff som blir brukt i mange hårbleikingsmiddel. Undersøk hydrogenperoksid og bli kjend med eigenskapane til stoffet.
Bleiking av hår hos frisør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

De skal bli betre kjende med eigenskapane til hydrogenperoksid.

Oppgåve 1. Risikovurdering av hydrogenperoksid

Bruk sikkerheitsdatabladet til hydrogenperoksid og lag ei risikovurdering av stoffet.

Oppgåve 2. Bli kjend med hydrogenperoksid

  1. Bruk eit molekylbyggjesett til å byggje ein modell av hydrogenperoksidmolekylet.
  2. Dryp nokre dropar hydrogenperoksid på eit stykke farga tøy. Kva observerer de?
  3. Dryp nokre dropar hydrogenperoksid på ei potetskive. Kva observerer de? Forsøk å forklare det de observerer, med utgangspunkt i dei atomtypane hydrogenperoksid er bygd opp av.

Oppgåve 3. Korleis påverkar hydrogenperoksid håret ditt?

  1. Ta nokre hårstrå frå hovudet ditt, og legg dei i ein petriskål.
  2. Tilset nokre dropar H2O2. Observer.
  3. Studer hårstrået i eit mikroskop. Observer hårstrået før og etter de tilset H2O2. Beskriv eventuelle endringar, og ta bilete gjennom okularet.
  4. Set saman før- og etter-bileta:

    Set saman før- og etter-bileta med Juxtapose.

Relatert innhald

Oppgåve 4. Planlegg eit forsøk med hydrogenperoksid

Planlegg eit forsøk der de undersøkjer kva stoff og materiale som blir bleikte av hydrogenperoksid.

Forslag til stoff de kan teste:

  • tekstilar
  • plast
  • hår
  • papir

Forslag til faktorar de kan undersøkje:

  • Har mengda H2O2 nokon å seie for bleikinga?
  • Har konsentrasjonen til H2O2 noko å seie for bleikinga?
  • Er bleiking ein prosess?

Oppgåve 5. Finn ut kva hydrogenperoksid kan brukast til



Relatert innhald

Kjelder

Arbeidstilsynet. (u.å.). Kjemikalier. Henta 24. mars 2020 frå https://www.arbeidstilsynet.no/tema/kjemikalier/

NHO. Risikovurdering av kjemikalier. Henta 9. mars 2020 frå https://arbinn.nho.no/hms/fysisk--kjemisk-arbeidsmiljo/kjemisk-og-biologisk-eksponering2/artikler/risikovurdering-av-kjemikalier/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale