Hopp til innhald

Fagstoff

Stoff i kosmetiske produkt

Kosmetiske produkt kan vere alt frå augeskugge og leppestift til tannkrem og parfyme. For å lage kosmetikk bruker ein produkt frå både plantar og dyr. Denne sida gir ei oversikt over ulike typar stoff som blir brukte, og kvifor dei blir brukte.

To jenter sminkar seg framfor ein spegel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innhaldet i kosmetiske produkt

Kosmetikk inkluderer mellom anna hudpleiemiddel, parfymar, deodorantar, leppestiftar, augemaskara, naglelakk, hårprodukt til farging og styling, ulike typar såpe og sjampo.

Nokre av dei vanlegaste bestanddelane vi finn i kosmetikk, er

  • løysemiddel
  • konserveringsmiddel
  • fortjukkingsmiddel
  • emulgatorar
  • oljer, vaselin og voks
  • pH-regulerande middel

Løysemiddel

Små og store, oransje oljedropar flyt rundt i vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løysemiddelet er stoffet vi bruker for å løyse opp andre stoff som vi ønskjer at skal vere ein del av produktet. Eit løysemiddel må ha like eigenskapar som det stoffet det skal løyse opp. Hugseregelen «likt løyser likt» peikar på nettopp dette. Det er vanleg å dele løysemidla inn i vassløyselege og feittløyselege.

Vassløyselege

Vatn og etanol er mykje brukt som løysemiddel i kosmetikk. Begge er polare og kan løyse opp andre polare stoff.

Feittløyselege

Alle typar olje vil eigne seg godt til å løyse opp andre feittstoff. Oljer og feittstoff er upolare. Parafinvoks er mykje brukt i kremar.

Konserveringsmiddel forlengjer haldbarheita

Konserveringsmiddel er stoff som forlengjer haldbarheita til produktet ved å hindre at det blir øydelagt av mikroorganismar som bakteriar, mugg og gjær. Feitthaldige kremar som blir ståande for lenge, kan harskne. Feittet i kremen reagerer med oksygen eller fukt i lufta og blir brote ned. Det blir danna sambindingar som luktar og smakar vondt.

Døme: paraben, metylisothiazolinon (MI)

Fortjukkingsmiddel gjer produktet meir tjuktflytande

Fortjukkingsmiddel er stoff som blir tilsette for å gjere produktet meir tjuktflytande.

Døme: carbomer (cellulosederivat), glyserol (nokre gonger omtalt som feittalkohol), hydroksyetylcellulose

Emulgatorar gjer at vatn og feitt kan blandast

Ein emulgator (òg kalla eit tensid) er eit stoff som blir brukt for å lage blandingar av stoff som i utgangspunktet ikkje er blandbare. Med ein emulgator kan vi til dømes få olje og vatn til å blande seg. Blandinga vi får, kallar vi ein emulsjon. I emulsjonen er olja finfordelt i vatnet.

Illustrasjonen viser korleis molekyla i tensidet dannar ei micelle. Dei hydrofobe endane av tensidmolekyla bind seg til feittet, og dei hydrofile endane bind seg til vatnet, slik at feittet blir omkransa av tensidmolekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Emulgatorar består av molekyl med ein vassløyseleg og ein lang feittløyseleg del. Den feittløyselege delen festar seg i feittet, mens den vassløyselege delen legg seg mot vatnet. På den måten kan dei små feittdropane (micellene) «løysast» i vatnet.

Blant dei kunstig framstilte emulgatorane kan vi nemne ulike typar såper. Blant dei naturlege er lecitin det mest kjende. Mange protein verkar som emulgatorar, slik som mjølkeproteinet kasein.

Døme: etoksylert feittalkohol (glyserol med vassløyseleg ende)

Figuren viser ulike typar emulgatorar (tensid) som blir brukte i vaskemiddel og sjampo.

 Illustrasjonen viser ulike typar tensid. I den feittløyselege delen har alle ein lang sikksakkforma hale. I den vassløyselege delen skil dei seg frå kvarandre: Ikkje-ioniske tensid har ein oval ende. Anioniske har ein rund, negativ ende. Kationiske har ein rund, positiv ende. Amfotære har ein ende samansett av ein rund negativ ende og ein rund positiv ende. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Type

Funksjon

Døme

ikkje-ioniske

vaskemiddel

kokosfeittsyre, dietanolamid, stearylalkohol

anioniske

fuktemiddel

ammoniumlaurylsulfat

kationiske

mjukgjering og skyljing

stearamidopropyl dimethylamin

amfotære

skumdannande

betainderivat

Pleiande ingrediensar

Nærbilete av ein raud hårstrikk som held raudt hår fast i ein hestehale. Foto.

Pleiande ingrediensar skal hjelpe til med å beskytte den naturlege kjemien til huda. Om det dreier seg om hår, er funksjonen til dei pleiande ingrediensane å byggje opp håret og gjere det sterkare.

Døme: silikon, cellulose, ulike protein, planteekstraktar

Parfyme

Parfyme skal gi produktet ei god lukt.

Farge

Nokre produkt blir tilsette fargestoff for at dei skal sjå tiltalande ut. Andre gonger har fargestoffet ein viktig funksjon, som i hårfargemiddel og sjølvbruningsprodukt.

Oljer, vaselin og voks held huda mjuk

Oljer, vaselin og voks hjelper til med å beskytte huda og halde ho mjuk og smidig. Oljer med god lukt blir brukte i parfymar (eteriske oljer). Dei er òg med på å gjere dei kosmetiske produkta passe harde eller mjuke.

Surleiksregulerande middel

Som surleiksregulerande (pH-regulerande) middel er det vanleg å bruke sitronsyre og mjølkesyre. Funksjonen til desse midla er å justere pH-en i produktet slik at han er på det nivået ein ønskjer, til dømes nær pH-en til huda.

Stabilisatorar

For at eit produkt skal halde seg stabilt over tid (til dømes behalde konsistensen), kan vi tilsetje ein stabilisator. Hydrogenperoksid blir brukt i bleikjemiddel for hår, men hydrogenperoksid er ustabilt og blir brote ned i kontakt med lys. For å bremse opp denne prosessen tilset ein gjerne stabilisatoren natriumstannat.

Relatert innhald

Kjelde

Frisørleverandørenes forening. (2013). Hårpleieprodukter. Generell informasjon og informasjonsblad. Henta 17.8.2020 frå http://www.fl.no/admin/common/getimg.osp?FileId=1212

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes, Bjørg E. B. Aurebekk og Thomas Bedin. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale