Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Undersøk hårpleieprodukt

Utforsk eigenskapar og reaksjonar til ulike hårpleieprodukt.
Ei kvinne får klipt håret hos frisøren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Undersøk ulike hårpleieprodukt og lag ei oversikt over typiske eigenskapar og reaksjonar.

Framgangsmåte og resultat

Del 1. Undersøk eigenskapar hos ulike hårprodukt

Løysingsevne i vatn

  • Overfør litt av kvart produkt til kvart sitt reagensglas.
  • Tilset nokre mL vatn til kvart reagensrøyr og rist.
  • Noter om produkta er løyselege eller uløyselege i vatn.

pH – surgrad

pH-meter og pH-strips i kvart sitt reagensglass med lyseblå væske. Illustrasjon.

For dei produkta som løyser seg i vatn, så kan du måle pH i vassløysingane.

Bruk pH-strips eller pH-meter.

For produkt som inneheld mykje olje og feitt er det vanskeleg å bruke pH-papir eller pH-strips:

  • Forsøk å varme opp produktet slik at det blir flytande.
  • Deretter kan du bruke eit pH-meter.
  • Elektroden på pH-meteret må reingjerast godt etter bruk.
  • Etter bruk i vassløysingar må de skylje godt med vatn. Etter bruk i feittstoff må de reingjere elektroden med isopropanol (propan-2-ol).

Viskositet — kor tjuktflytande er stoffet?

Viss produktet er flytande, kan de vurdere kor tjuktflytande stoffet er. Dette er viskositeten til stoffet.

Tilstanden til produktet

Registrer om produktet er i fast, flytande eller gassform.

Reaksjonar

  • Kva produkt reagerer kjemisk med hår når dei blir brukte?
  • Kva produkt fikserer håret?
  • Kva er forskjellen på dei produkta som reagerer kjemisk og fikserer håret?
  • Undersøk nokre av dei produkta som reagerer kjemisk. Kva reaksjonar er det som skjer?
  • Kva forskjell er det for håret om eit produkt verkar kjemisk eller ikkje?

Del 2. Studer innhaldslista til produktet

  1. Lag ei oversikt over ingrediensar i nokre av produkta de har tilgang til.
  2. Sorter ingrediensane i kategoriar
    • løysemiddel
    • parfyme
    • vassløyselege
    • feittløyselege
    • konserveringsmiddel
    • fargestoff

    Kva funksjon har dei ulike ingrediensane?
    Finst det ingrediensar som ikkje har ein opplagt funksjon?

  3. Gjer ei risikovurdering av produktet der du legg vekt på
    • aktuelle vernetiltak
    • førstehjelp
    • avfallshandtering

Del 3. Helserisiko ved hårpleieprodukt

  1. Bruk dei same produkta som over og finn ut kva helserisikoar som er forbundne med desse.
  2. Presenter det du finn ut som ein infoplakat eller ein kort video.

Relatert innhald

Kjelde

Frisørleverandørenes forening. (2013). Hårpleieprodukter. Henta 9. januar 2020 frå http://www.fl.no/admin/common/getimg.osp?FileId=1212

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale