Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Undersøk eigenskapane til oasis

Då oasis blei funne opp i 1950-åra, blei det sett på som ein revolusjon for blomsterdekoratørar. Framleis er det mykje brukt på grunn av dei gode eigenskapane. Finn ut kva eigenskapar dette er, og undersøk dei nærare.
Gule og raude blomstrar ligg på bord ved sida av blomsteroppsats. Gule og raude blomstrar stukke ned i oasis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

Finn ulike grunnar til at oasis er så mykje brukt av blomsterdekoratørar.

Oppgåve 1. Strukturen i blomsterskum

I utgangspunktet er blomsterskum det same som finst i blomsterstammen – ein svampaktig masse som tek opp vatnet og absorberer det.
Euroflorist (u.å), vår omsetjing

  1. Undersøk oasis i ei lupe. Ta bilete eller teikn strukturen.
  2. Undersøk ein blomsterstilk i lupe. Ta bilete eller teikn strukturen.
  3. Samanlikn strukturen i oasisen og blomsterstilken. Kva meiner de om påstanden i sitatet? Held han vatn, bokstavleg talt?

Oppgåve 2. Absorpsjon av vatn

  1. Kor mykje vatn kan oasis absorbere?
  2. Putt eit stort glasrøyr eller sugerøyr ned i vatn. Putt deretter eit kapillær-røyr ned i vatn. Kva observerer de? Kva kan forklare forskjellen?
  3. Kvifor kan oasis absorbere så mykje vatn?

Oppgåve 3. pH

Dette lette og porøse materialet er òg pH-balansert, slik at surgraden i miljøet til blomsteren blir verande på eit optimalt nivå.
Euroflorist (u.å.), vår omsetjing

  1. Kva vil det seie at materialet er pH-balansert?
  2. Finn ut kva som er optimal pH for blomstrar. Er han lik for alle typar blomstrar? Er det eit poeng at oasis er pH-balansert?
  3. Lag eit forsøk der de undersøkjer kva som er optimal pH for ein planteart. De kan finne plantar ute, bruke potteplantar eller bruke snittblomstrar.
  4. Mål pH i ei skål med berre vatn og ei skål med oasis og vatn. La dei gjerne stå eit døgn før de måler. Kva kom du fram til? Viss de har fleire ulike typar, kan de måle pH i dei ulike typane og samanlikne.
  5. Eignar oasis seg for alle typar blomstrar og plantar, trur de?

Oppgåve 4. Er oasis nedbrytbart?

Bioskum er eit nedbrytbart materiale som er meir miljøvennleg enn vanleg skum fordi det blir brote ned med 50 prosent i løpet av eitt år.
Edelweiss Serviteur (u.å.)

  1. Finn ut kva vanleg oasis er laga av.
  2. Det finst oasis som blir marknadsført som nedbrytbar (sjå sitatet ovanfor). Undersøk kva dette inneber.

Oppgåve 5. Simuler nedbryting av oasis

  1. Lag eit forsøk som simulerer nedbryting av oasis.
  2. Kva kan ein gjere for å få nedbrytinga til å gå raskare?
  3. Kva blir det av den nedbrotne oasisen?
  4. Kva kan ein bruke i staden for oasis?


    Lag eit forsøk der de testar andre materiale. Lag ei oversikt over fordelar og ulemper ved dei ulike materiala.


Kjelder

Edelweiss Serviteur (u.å). Oasis bioblokk. Henta 28.02.2020 frå https://www.consilimo.no/oasis-bioblokk-23x11x8-cm.html

Euroflorist (u.å). Ta vare på dekorasjonene dine. Henta 26.02.2020 frå https://www.euroflorist.no/ta-vare-pa-dine-dekorasjoner-cn150

Wikipedia (2019, 30. april). Smithers-Oasis. Henta 26.02.2020 frå https://en.wikipedia.org/wiki/smithers-oasis

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale