Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag merkeoversikt for salongen

Frisørar kjem i kontakt med mange ulike kjemikaliar i løpet av ein arbeidsdag. Lag ei oversikt over ulike merkeordningar for kosmetikk.
Frisør skyl håret til kvinneleg kunde i frisørsalong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frisørar jobbar med mange kjemikaliar

Som frisør er du i kontakt med mange ulike stoff i løpet av ein arbeidsdag. Bedrifter som bruker farlege kjemikaliar skal ha eit sikkerheitsdatablad for dei aktuelle kjemikalia.

Sidan kosmetikk er sett bort frå det europeiske kjemikalieregelverket, bruker frisørar ein del kjemikaliar som det ikkje finst datablad for.

Det er derfor viktig at den enkelte bedrifta gjennomfører ei forsikringsvurdering.

Merke gir betre oversikt

Når det ikkje finst forsikringsdatablad, er det viktig å bruke andre kjelder for informasjon. Det finst ei rekkje merkeordningar som skal gjere det enklare å få oversikt over stoff i kosmetikk:

  • Positivlista, Observasjonslista og Negativlista
  • Svanemerket
  • NAAF (Noregs Astma- og Allergiforbund)
  • Den blå kransen
  • BDIH
  • EU-blomsteren
  • ECOCERT
  • NATRUE
  • Allergy certified

Oppdrag. Lag ei merkeoversikt til bruk i salongen

Du har nettopp begynt å jobbe i frisørsalongen "Hairport". Du har høyrt mykje negativt om allergi i frisøryrket og vil prøve å unngå dette. Men det er så utruleg mange stoff og produkt å ta stilling til, slik at det er vanskeleg å få full oversikt.

Du foreslår for dagleg leiar at det hadde vore fint med ei enkel og god oversikt over ulike merkeordningar som finst.

"For ein god idé!" utbryt dagleg leiar og held fram:
"Du som er nyutdanna kan sikkert mykje om dette. Kan ikkje du lage ei slik oversikt for oss?"

Du blir veldig usikker, men lèt det ikkje synast og plumpar ut med:

"Klart det!"

"Fint!" seier dagleg leiar med eit breitt smil. "Eg er sikker på at du klarer det heilt fint. Har du det klart til neste veke då?"

Lag ein plan

Tenk igjennom korleis du vil at merkeoversikta skal bli til slutt. Det kan vere lurt å vurdere:

  • Korleis skal ho brukast i salongen?
  • Skal ho vere retta mot dei som jobbar i salongen, kundane eller begge grupper?
  • Kvar kan du finne gode kjelder om dette?
  • Skal oversikta vere på papir, eller skal ho vere digital?
  • Kvar skal du finne bilete som er lov å gjenbruke?
  • Skal du ta bilete sjølv?

Lag oversikta

Du bør samle informasjon og omarbeide ho før du lagar sjølve oversikta.

Vidare arbeid

Lag ein quiz eller ein kahoot med oppgåver om dei ulike merkeordningane.

Kjelder

Fagforbundet (u.å.). Grønn frisør – En sunn og trygg arbeidsplass. Henta 5. mars 2020 frå https://ep-static.fagforbundet.no/file/0848db8dd766843e063f208ad77afff7/frisor-gronn-hefte-17.PDF

Grøn Salon Skandinavin (2020). Stoff og produkter i Grøn Salon. Henta 5. mars 2020 frå https://www.groensalon.com/stoffer-og-produkter-i-groen-salon/

Sørnett.no (1. juni 2019). UNDERSØKENDE JOURNALISTIKK: Frisører i Kristiansand eksponeres daglig for helseskadelige kjemikalier. Henta 5. mars 2020 frå https://sornett.no/arkiv/193176

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Stoff og materiale