Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg ein marknadsføringskampanje for praksisplassen

I denne oppgåva skal du planleggje og lage eit forslag til marknadsføringskampanje for praksisplassen din.
Illustrasjon av personar som kommuniserer via nettbasert teknologi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjå filmen nedanfor, "Segmentering av målgrupper i markedskommunikasjon", og la deg inspirere.

  • Forklar korleis mediebyrået Starcom arbeidde då dei skulle lage marknadsføringskampanjar for Høyskolen Kristiania og Burger King.

  • Kva idear frå filmen kan du ta med deg når du skal lage din eigen marknadsføringskampanje?

Oppgåve 2

Planlegg ein marknadsføringskampanje for praksisplassen din retta mot ei sjølvvald målgruppe. Aktuelle spørsmål å ta utgangspunkt i er:

  • Kva målgruppe skal marknadsføringskampanjen rette seg mot?

  • Korleis er forbrukaråtferda og medievanane til målgruppa?

  • Kva kommunikasjonskanalar kan vere formålstenlege å nytte for å treffe målgruppa?

  • Kva kan vere bodskapen i marknadsføringskampanjen? Kva form bør bodskapen ha for å treffe målgruppa best? Skal han spele på kjensler, vere informativ eller begge deler?

  • Kva slags kampanjemateriell kan det vere formålstenleg å lage til marknadsføringskampanjen? Kanskje ein film og/eller annonsar i sosiale medium?

Oppgåve 3

Bruk refleksjonane frå oppgåve to til å utarbeide sjølve marknadsføringskampanjen, som skal innehalde:

  • mål for kampanjen

  • skildring av målgruppa

  • bodskap og marknadsføringsinnhald

  • kanalval

Tips

Før du går i gang, bør du lese den relaterte artikkelen "Planleggje ein enkel marknadsføringskampanje".

For å lage marknadsføringsinnhald kan du nytte det nettbaserte gratisverktøyet Canva.

Oppgåve 4

Framfør forslaget ditt til marknadsføringskampanje for klassa.

  • Gjer greie for dei vala du har gjort, og forklar korleis forbrukaråtferda og medievanane til målgruppa er tekne omsyn til.

  • Ta imot tilbakemeldingar frå dei andre i klassa om kva som var bra, og kva som eventuelt kan eller bør endrast.

  • Høyr med praksisbedrifta om dei er interesserte i å publisere noko av det du har produsert.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper