Hopp til innhald

Fagstoff

Vi som forbrukarar

Vi er alle forbrukarar. Men kva betyr det å vere ein forbrukar, og kva trur du kjenneteiknar dagens forbrukarar?
Folk som sit på ein murkant langs eit fortau, med handleposar, vesker, mobiltelefon og nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi kjøper eller leiger produkt til privat forbruk, er vi alle saman forbrukarar. Vi kan seie at forbrukaråtferd dreier seg om tankane og handlingane våre når vi søkjer, vurderer, kjøper og bruker produkt. Høgare inntekter har gitt oss større kjøpekraft, og vi handlar stadig meir i nettbutikkar frå heile verda. Vi har tilgang til å kjøpe varer og tenester døgnet rundt.

Mange av oss eig veldig mange ting; berre tenk på kva du sjølv eig. Og mange av oss kjøper gjerne ting med ein gong vi har lyst på noko – ofte sjølv om vi ikkje treng det. Dette fører til at det er mykje som nesten ikkje blir brukt før vi kvittar oss med det igjen. Mange byter mobiltelefon så fort ein ny modell kjem på marknaden – ikkje fordi dei treng det, men fordi dei kan.

Tenk over

Trur du det er mange treningsapparat som blir kjøpte i januar, og som ligg til sals på finn.no i mars?

Trur du det er mange jusmaskiner som blir prøvde eit par gonger før dei blir stappa innerst i skapet?

Kjenner du deg att i nokon av desse skildringane? Korleis vil du beskrive deg sjølv som forbrukar?

Informasjon er i dag lett tilgjengeleg på internett. Med eit par tastetrykk kan vi finne informasjon om kva produkt kostar, kva kvalitet dei har, og kvar dei er tilgjengelege. Det har utvikla seg ein delingskultur på nettet, og vi stoler ofte meir på kundeomtalar enn på informasjonen frå bedriftene sjølve. Eksempelvis gir Tripadvisor meir truverdige omtalar og bilete av reiselivsprodukt enn hotella eller destinasjonane sine eigne nettsider.

Nokre karakteristikkar av dagens forbrukarar

Ei stor marknadsundersøking gjort av Smartercx.com by Oracle i 2019 identifiserte sju punkt som karakteriserer dagens forbrukarar:

  1. Vi bestemmer – marknaden tilhøyrer forbrukarane. Vi undersøkjer og utforskar og deler erfaringar på nett.

  2. Vi er nesten alltid logga på internett, og vi er avhengige av mobiltelefonane våre.

  3. Vi forventar personleg service, sjølv på nettet, og det må vere enkelt.

  4. Vi samanliknar og samanliknar og samanliknar. Vi sjekkar produkt i fleire kanalar, og nettsida til produktet eller merket er den siste kanalen vi sjekkar.

  5. Vi stoler meir på kvarandre enn på kva dei store produsentane eller forhandlarane seier sjølv.

  6. Vi tenkjer "Eg vil ha det no!", og vi forventar at vi får det.

  7. Vi har mange meiningar og deler villig både meiningar og erfaringar i fleire kanalar.

Tenk over

Kjenner du deg att i nokon av desse karakteristikkane? Kva for nokre, i så fall?

Marknadsanalyseinstituttet Euromonitor International kartlegg forbrukartrendane i verda kvart år. Dette kan du lese meir om i ein artikkel på Euromonitors blogg, om dei ti viktigaste forbrukartrendane.

I podkasten nedanfor kan du høyre Lise Tangen Hansen snakke om forbrukaråtferd og forbrukartrendar. Nedst på denne sida ligg det også ei oppgåve relatert til podkasten.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Markedsføring og forbrukeratferd

Digitalisering og enklare handel over landegrensene gjer at det stadig kjem nye aktørar til, og det gir ein tøffare konkurranse. Det er viktigare enn nokon gong å vite kva som påverkar forbrukaråtferd...

0:00
-0:00

Forbruk, gjenbruk og berekraft

Kva vi vel å kjøpe og konsumere, er avgjerande for kva som blir produsert og seld. Dei siste 20 åra har til dømes kledeproduksjonen dobla seg, til over 100 milliardar plagg i året, og det er berre 1 prosent av kleda som blir resirkulerte.

Ifølgje tal frå SIFO har nordmenn i gjennomsnitt 359 plagg i klesskapet. Kvart femte plagg blir sjeldan eller aldri brukt, og vi kastar i snitt 23 kilo klede kvart år. Kan det halde fram slik?

Korg med gamle klede. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire av oss forbrukarar er opptekne av berekraft og gjenbruk. Nettstader og appar som driv med bruktsal, utleige og abonnementsordningar, aukar i omfang. Nokon slike døme kan vere finn.no, fjong.no, tise.no, letgo.com, bilkollektivet.no og toogoodtogo.no.

Delingskulturen veks raskt. Til dømes har hotella fått konkurranse frå Airbnb, og vi kan kjøpe klimakompenserte fly- og pakkereiser. Du kan lese meir om dette i Dagbladets artikkel "Lokker med "miljøvennlig" sydenferie".

Tenk over

Korleis påverkar forbruksvala dine berekraftig utvikling, trur du? Er det noko du ønskjer å bli meir klar over og eventuelt endre på i forbruket ditt? Kva då, i så fall?

Relatert innhald

Kjelder

Hausler, S. (2017, 27. september). 7 Characteristics of the Modern Customer. SmarterCX. https://smartercx.com/7-characteristics-modern-customer/

Senneset, I. (2019, 1. juli). FN-rapport: Klesindustrien står for større utslipp enn fly og skip. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/9vre8d/fn-rapport-klesindustrien-staar-for-stoerre-utslipp-enn-fly-og-skip

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper