Hopp til innhald

Fagstoff

Segmenteringskriterium

Korleis kan vi skilje ulike segment frå kvarandre? Vi har nokre bestemde kriterium som det er vanleg å ta utgangspunkt i.
Tolv personar fordelte i fire grupper med tre i kvar. Personane i kvar gruppe har visse fellestrekk og kan illustrere ulike målgrupper. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å skilje dei enkelte segmenta frå kvarandre kan vi ta utgangspunkt i visse kjenneteikn, såkalla segmenteringskriterium. Det er vanleg å skilje mellom desse hovudtypane av segmenteringskriterium:

  • geografisk segmentering
  • demografisk segmentering
  • psykografisk segmentering
  • åtferdsmessig segmentering

Geografisk segmentering

Geografisk segmentering betyr at ein marknad blir delt inn i geografiske kriterium som land, regionar, fylke, byar eller nabolag. Ein kiosk kan til dømes segmentere marknaden ut frå avstanden til kunden.

Demografisk segmentering

Ordet demografi er henta frå gresk og betyr «befolkningsskildring». Demografiske segmenteringskriterium kan til dømes vere kjønn, alder, inntekt, yrke, familiestatus eller utdanning. Demografiske segmenteringskriterium blir ofte nytta for å segmentere ein marknad.

Demografisk informasjon finn vi mellom anna i offentlege statistikkar. Offisiell norsk statistikk finn vi på Statistisk sentralbyrås nettside.

Tenk over

Kvifor trur du at demografisk segmentering er ein vanleg måte å segmentere marknaden på?

Trur du at det er ein sterk samanheng mellom demografiske kriterium som til dømes alder og familiestatus, og bestemde ønske og behov?

To bilete som viser høvesvis ein mann og ei kvinne, begge med glinsande boblejakke. Mannen har rullebrett, kvinna har kjeder med svarte perler rundt halsen. Begge ser ut til å ønskje å verke yngre enn dei faktisk er. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Psykografisk segmentering

Det å segmentere etter kriterium som personlegdom, livsstil, interesser, meiningar, haldningar og verdiar kan ofte vere formålstenleg. Dette blir kalla psykografisk segmentering.

Psykografisk segmentering er ofte nyttig, sidan demografisk informasjon åleine sjeldan er tilstrekkeleg for å vurdere om vi skal satse på eit segment. Menneske i same demografiske gruppe, som til dømes kvinner, kan ha heilt ulike interesser – eller haldningar, for den saks skuld.

«Kvinner mellom 40 og 60 år med interesse for reiser» kan vere eit døme på eit segment der segmentet «kvinner» er snevra inn med eit psykografisk segmenteringskriterium definert som «interesse for reiser».

Åtferdssegmentering

Det er fleire måtar å segmentere på etter åtferd. Åtferdssegmentering kan mellom anna handle om:

  • kjøpshyppigheit
  • kjøpsmengd
  • brukarstatus og lojalitet
  • høve

Kjøpshyppigheit

Nokre forbrukarar kjøper ofte, andre sjeldan. Nokon byter til dømes bil kvart år, andre kvart tjuande år. For ein bilforhandlar er kunden som byter bil kvart år, ein meir interessant kunde.

Kjøpsmengd

Vi kan òg skilje forbrukarar ut frå kor mykje dei kjøper om gongen. Nokon handlar til dømes litt mat kvar dag. Andre handlar store mengder mat, berre ein gong i veka.

Dei som er innom matbutikken dagleg, kan kanskje lett la seg lokke av tilbod som freistar der og då. Dei som handlar sjeldnare, vil kanskje synast det er meir attraktivt at butikken har eit stort utval av gode frysevarer, varer med lang haldbarheit og rabattar for storinnkjøp.

Brukarstatus og lojalitet

Ei anna form for åtferdssegmentering er å segmentere etter lojale kundar, nye kundar, potensielle kundar og tidlegare kundar.

Bedriftene vil gjerne at kundane skal bli verande lojale mot produkta deira, og lojalitet blir derfor ofte premiert med ulike rabattar.

Høve

Spesielle høve kan òg vere utgangspunkt for åtferdssegmentering. Høve som dåp, konfirmasjon, 17. mai og bryllaup byr ofte på bestemde behov for matvarer, klede, pyntegjenstandar og så vidare. Eit anna døme er at det finst bedrifter som berre satsar på å selje produkt i samband med russefeiring.

Sitjande ungdommer sett frå halsen og ned. Alle har raud russebukse på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å ete is kan ofte vere knytt til eit bestemt høve, som til dømes

  • dessert heime
  • på stranda / om sommaren
  • i selskap
  • på 17. mai

Tenk over

Korleis trur du Diplom-Is segmenterer?

Kva segmenteringskriterium trur du at Diplom-Is ofte nyttar seg av?

Diplom-Is segmenterer ofte etter høve. Men dei bruker òg andre segmenteringskriterium, som demografiske kriterium. Hello Kitty-is er openbert for små jenter.

Her ser du éin av fleire moglege måtar å tenkje segmentering på for Diplom-Is:

Diplom-is segmenterer marknaden sin i fire. Boksis av merket Dream marknadsfører dei til kvardagskos heime. Dette er illustrert med eit foto av to skåler med is på kjøkkenbenken. Småis marknadsfører dei til å nyte på stranda, på 17. mai og i bursdagar. Dette er illustrert med eit foto av ei lita jente som held ein kjeksis i handa og har is rundt munnen. Iskaker marknadsfører dei til å servere i middagsselskap for den eldre generasjonen. Dette er illustrert med eit foto av ei iskake. Boksis av merket Royal marknadsfører dei som gourmetis for matinteresserte. Dette er illustrert med eit foto av ein is som er pent dandert med bær og friske urter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Marknadsføringskampanjar og målgrupper