Hopp til innhald

Fagstoff

Varme dessertar med frukt

Vi kan lage dessertar av frukt på mange måtar. Her skal vi sjå på nokre av dei vanlegaste tillagingsmetodane for varme dessertar.
To steikte, halve bananar på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakt frukt

Bruk faste frukter som eple og pærer.

  • Skrell frukta og ta ut kjernehuset.
  • Fyll kjernehuset med til dømes sukker og kanel.
  • Steik frukta i ei smurd form i omnen med litt sukkerlake i botnen.
  • Du kan òg bake inn frukta i butterdeig før du steiker ho i omnen.
  • Steik i cirka 10–20 minutt ved 200 °C.

Posjert frukt

  • Skrell frukta, fjern kjernehus og del frukta i båtar eller skiver.
  • Kok ein sukkerlake med eventuelle smaksstoff.
  • Posjer frukta i den varme sukkerlaken til frukta har vorte passe mjuk.
  • Server lun eller avkjølt med saus eller is.

Smørsteikt frukt

  • Skrell frukta, fjern kjernehus og del i mindre bitar.
  • Varm ei panne og steik frukta gyllen i smør.
  • Ha på sukker og eventuelle smaksstoff, og smelt sukkeret slik at det blir lett karamellisert.
  • Server lun eller avkjølt med saus eller is.

Fruktbeignet

Fruktbeignet er frukt som blir dyppa i ei frityrrøre og steikt i frityrfeitt. Vi nyttar ofte frukt som eple, pære, ananas, banan og liknande til dette.

  • Skrell frukta, kutt ho i fine skiver eller bitar, og marinar eventuelt i likør.
  • Tørk frukta godt før du dyppar ho i frityrrøre og steikjer ho i nytt frityrfeitt ved 180 °C.
  • Steik til ho er gyllen, og legg ho på porøst papir.
  • Du kan òg drysse med melis og glasere i salamander.
  • Server med ein dessertsaus eller is.

Video

I denne videoen får du sjå korleis du lagar posjert pære og fruktbeignet av ananas.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Varme dessertar