Hopp til innhald
Oppgåve

Tillagingsmetodar av dessertar: temaoppgåve

Dette er ei oppgåve der du må bruke kunnskapane dine om ulike tillagingsmetodar for dessertar.

Målet med denne oppgåva er at du skal vise at du kan nytte ulike tillagingsmetodar for dessertar.

Informasjon om oppgåvene

Klassen blir delt inn i grupper på tre eller fire elevar. Den teoretiske oppgåva blir løyst som ei kombinert skuleoppgåve og heimearbeid. Den praktiske oppgåva blir løyst på skulen.

Teoretisk oppgåve

De skal setje opp eit forslag til ein ny dessertmeny for Ternen restaurant i Kristiansand. Kjøkkensjefen ønskjer seks ulike dessertar som passar i julesesongen.

Han påpeikar at han ønskjer variasjon mellom varme og kalde dessertar.

Det må følgje med oppskrift til alle forslaga. Desse blir leverte inn til avtalt tid for rettleiing og tilbakemelding.

Utrekning av mengde: fire personar.

Praktisk oppgåve

Gruppene lagar to av dessertane frå den teoretiske delen. Kvar dessert skal bereknast til fire personar.

Etter avtale med læraren skal alle dessertar bli serverte til prøvesmaking. Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe forklare framgangsmåten for dessertane sine for resten av klassen.

Tidspunkt for servering blir avtalt med læraren.

Vurdering

Oppgåva blir vurdert etter

  • smak og konsistens på dessertane
  • heilskapleg inntrykk av dessertforslaga
  • variasjon i smak, farge og tillagingsmetodar
CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Stig Lieberg.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024