Hopp til innhald

Fagstoff

Dessertsupper

Dessertsupper er enkle dessertar med lange tradisjonar. Dei er nok ikkje like mykje nytta i dag som dei var tidlegare, men blir gjerne serverte som dessert på ulike institusjonar.
Moltesuppe i ei suppeskål servert med ein klatt rømme, friske molter og eit mynteblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frukt- og bærsupper

Framgangsmåte

  • Ha bær eller frukt, vatn, sukker, eventuelle smaksstoff og saft i ein kjele.
  • Kok til bæra eller frukta har vorte mør.
  • Jamn suppa med potetmjøljamning til ønskt tjukn.
  • Server suppa varm, lunken eller kald, gjerne med litt is, ein kremklatt, crème fraîche eller liknande.

Grynsupper

Her kan du bruke havregryn, semulegryn, byggryn eller sagogryn.

Framgangsmåte

  • Ha gryn, vatn, sukker, salt og eventuelt saft og rosiner i ein kjele.
  • Kok suppa til gryna er mjuke.

Mjølkesupper

  • Ha mjølk, salt og sukker i ein kjele og kok opp.
  • Ha i makaroni eller risgryn.
  • La det småkoke til makaronien eller risgryna er mjuke.

Video

I denne videoen viser kokkane framgangsmåten ved eit utval av dessertsupper.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2020

Læringsressursar

Varme dessertar