Hopp til innhald

Fagstoff

Champagne

Den mest berømte og myteomspunne drikken i verda kjem frå eit område nordaust for Paris. Champagne verkar kanskje som magi og hokuspokus. No skal du få lære nokre av løyndommane.

For å byrje med det viktigaste: Kvar kjem boblene frå? Du kan lese meir om det i ein eigen artikkel, som handlar om dei ulike måtane å lage musserande vin på.

Men kort fortald handlar det om å la vinen gjære på nytt i flaska. Samtidig som ein fangar boblene som oppstår, utviklar vinen smak ved å liggje saman med dei døde gjærcellene i lang tid. Og der ligg løyndommen til champagne – dei fine bobla, den rike smaken, lagringsdyktigheita, i tillegg til det universelle signalet for "no koser vi oss, folkens": smellet frå korken.

Druer og geografi


Kart over vinområdet Champagne i Frankrike. Illustrasjon.

Nokre lokale, sjeldne druer er tillatne å nytte i Champagne, men i botn og grunn er det berre tre druer du treng å hugse:

Chardonnay, den grøne drua som blir nytta til kvitvin i Burgund. Denne trivst best i Côte des Blancs-området.

Pinot noir, den blå drua som blir nytta til raudvin i Burgund. Denne dominerer i Montagne des Reims.

Pinot meunier, ei blå drue som blir dyrka i Vallée de la Marne-området.

Champagne ligg langt mot nord, og jorda er karrig. Det gir mineralske, syrerike vinar, men det er uvisst frå år til år korleis druene vil modne, og om dei blir angripne av ròte etter regnvêr.

Blandingsvin

Sidan klimaet er så usikkert, har champagneprodusentane lov til å blande vin frå fleire årgangar. Dei største husa har hundrevis av vinar på lur og kan dermed blande seg fram til ein vin som smaker likt frå år til år. Desse blir ikkje merkte med årstal og blir kalla non vintage.

I spesielt gode år blir det laga årgangschampagne, vintage, som blir lagra lenger – og kostar dertil.

Det er lov å blande dei ulike druetypane. Pinot noir gir smak og fylde, chardonnay gir friskleik og eleganse, mens pinot meunier er sikkerstikket som modnar tidleg og dessutan byr på ekstra alkohol og syre.

Vin som berre blir laga av chardonnay, blir kalla blanc de blancs – kvit av kvit. Vin med berre blå druer blir kalla blanc de noirs – kvit av mørke.

Champagne er den einaste regionen i EU der det er lov å blande raud og kvit vin for å lage rosévin.

Smak og bruksområde

Generelt smaker champagne av frisk, moden frukt som eple og sitrus. Modninga på gjærrestane gir aromaer som blir kalla autolysepreg (etter prosessen der gjærcellene døyr), til dømes gjærbakst, brød, kjeks, nøtter eller sopp.

Champagne er kanskje den beste allroundvinen til mat. Både fisk, skaldyr, fjørfe, lyst kjøtt og mørkare vilt kan champagne smake godt til. Som aperitiff er det òg eit klassisk val.

Før vinen blir korka, blir det ofte tilsett litt sukker for å "runde av" vinen. Brut er den vanlegaste søtleiksgraden og svarer til 6–12 gram sukker per liter. Non dosé eller brut nature angir ein knusktørr vin, utan tilsetjing av sukker.

Klasar med blå og grøne druer liggjande i ein haug. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike