Hopp til innhald

Fagstoff

Loire

Den lengste elva i Frankrike heiter Loire, og langs elva ligg det vinområde på rekkje og rad. Den største kjendisen heiter Sancerre, men Loire-dalen har mykje anna spennande å by på.

Loire spring ut langt sør i Frankrike, nesten heilt nede i Rhône-dalen. Først renn elva nordover mot Paris, men ved Orléans svingar ho vestover og endar til slutt i Atlanterhavet.

Øvre Loire

Vi er i området like før elva endrar kurs mot vest. Til liks med i Chablis og Champagne er det mykje kalk i jorda her. Det gir gode forhold for å dyrke druer til kvitvin med frisk syre og mineralske tonar. Fremst blant desse er området Sancerre og naboområdet Pouilly-Fumé på den andre sida av elva. Begge vinane blir laga av drua sauvignon blanc, og her får vinen intense aromaer som stikkelsbær, eple, hylleblomster og sitron. Eit grønt preg i retning av nesle, gras og asparges er vanleg.

Eit mineralsk preg er ofte til stades, særleg i Pouilly-Fumé, som er litt meir fyldig og har ein aroma som kan minne om stein og flint.

Touraine

No har elva byrja ferda si vestover mot havet. Framleis blir det dyrka i stor grad grøne druer, men no har ein ny helt komme inn på scena: chenin blanc. Denne syrerike drua kan gi vinar som er lette og mineralske, men også blomsterprega og fruktige.

Vouvray er det mest kjende området, og her blir brukt chenin blanc både til tørre og søte kvitvinar. Dei tørre kan minne om riesling, og har eit liknande bruksområde, mens dei søte kan samanliknast med sauternes – berre meir syrlege.

Både tørr og søt kvitvin frå Touraine kan bere preg av edelråte. Soppen botrytis angrip druene og bidreg til aromaer som kan minne om honning, aprikos, marmelade og krydder.

Litt lenger vest blir det laga meir raudvin, i områda Chinon og Bourgueil. Hovuddrua her er cabernet franc, som er best kjend som blandingsdrue i Bordeaux. Desse raudvinane luktar og smaker av skogsbær som bringebær og bjørnebær, gjerne med ein kledeleg jordleg tone. Tidlegare var det vanleg med eit grønt preg i vinane, i retning av grøn paprika, men på grunn av betre druemodning er ikkje denne like ofte til stades lenger.

Kart av vindistriktet Loire i Frankrike. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anjou-Saumur

Anjou-Saumur ligg endå eit hakk vestover, men framleis er det chenin blanc og cabernet franc som er dei viktigaste druene.
Her blir sistnemnde òg brukt til rosévin. Cabernet d'Anjou og rosé d'Anjou er populære rosévinar som ofte har ein snev av søtleik.

Dei mest kjende områda for kvitvin er Bonnezeaux, Quarts de Chaume og Coteaux de Layon, som alle produserer søte vinar med tydeleg innslag av botrytis eller edelråte. Dei luktar og smaker av honning, blomstrar og krydder.

Tørr kvitvin med mineralsk preg og frisk fruktigheit blir laga i anerkjende Savennières. Det er ein slags mellomting mellom chablis og riesling.

Det blir laga raudvin i dette området òg, i Saumur og Saumur-Champigny. Det er cabernet franc som er hovuddrua, og vinane minner om dei frå Bourgueil lenger aust. Beaujolais-drua gamay stig òg i popularitet i Loire.

Området rundt Saumur er òg kjent for musserande vin basert på chenin blanc. Saumur mousseux blir laga med same metode som champagne.

Nantes-området

Rundt byen Nantes, like før elva endar i Atlanterhavet, ligg vindistriktet Muscadet. Det mest anerkjende underområdet ligg ved sideelvane Sèvre og Maine og heiter følgjeleg Muscadet de Sèvre-et-Maine.

Den einaste tillatne drua her er den grøne melon de bourgogne. Den ferdige kvitvinen har lette aromaer av eple og sitron, men generelt er dei ganske lite aromatiske. Dei friske, syrlege og ukompliserte kvitvinane er dermed veleigna allround-følgje til fisk og sjømat.

Og dei mest forseggjorde variantane er merkte sur lie. Det betyr at vinen har fått liggje vinteren over i kontakt med botnfallet – restane frå gjæringsprosessen. Dette gir vinen litt meir fylde og komplekse aromaer.

Fjøl med reker, krabbe, blåskjel og små skåler med majones. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike