Hopp til innhald

Fagstoff

Bourg og Blaye, Sauternes og Entre-deux-Mers

Vinane frå Bourg og Blaye er noko enklare enn vinane frå dei andre områda i Bordeaux. Der blir det produsert mest raudvin, men òg noko kvitvin.

Bourg og Blaye

Kart over vinområdet Bordeaux i Frankrike. Foto.

Distrikta Bourg og Blaye ligg aust for Gironde. Der blir det produsert mest raudvin, men òg noko kvitvin. Jordsmonnet er variert med innslag av sand, småstein og kalk. Dei raude vinane er lette og forholdsvis rike, og dei blir blaute ved lagring. Vinane frå Bourg og Blaye passar godt til kokt torsk med lever og rogn, ein tradisjonell "raud torskevin". Det er spesielt for Noreg at det blir nytta raudvin til torsk.

Sauternes

Distriktet Sauternes ligg heilt sør i Bordeaux. Jordsmonnet er grus og kalkhaldig leirjord. På grunn av det fuktige klimaet om hausten trivst muggsoppen Botrytis cinerea, og druene gjennomgår såkalla edel rotning (la porriture noble). Druene skrumpar inn til ein rosinliknande storleik med lite væske og høgt sukkerinnhald. Druene blir hausta enkeltvis for hand etter kvart som dei når denne modningsgraden.

Klassifiseringa er som for Médoc, berre med den forskjellen at Château d'Yquem har ein spesiell klasse, grand premier cru, som er spesiell for dei. Det som kjenneteiknar desse vinane, er den store søtleiken og fyldige bouqueten, men at dei likevel har ein viss friskleik.

Sauternes og jordbær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Entre-deux-Mers

Namnet Entre-deux-Mers betyr "mellom to hav", og her siktar ein til området mellom dei to elvane Dordogne og Gargonne. Jordsmonnet er svært samansett, og det blir nytta meir utradisjonelle druetypar, men etter kvart blir sauvignon blanc-drua stadig meir nytta.

Vinane er lette, lyse og behagelege og blir mykje nytta som aperitiff og som ein "tørstesløkkjar" ein fin sommardag på terrassen.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike